Sjukepleiar i team
Stad kommune- Selje og Stadlandet
6740 Selje, 6750 Stadlandet, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Ledig stilling som sjukepleiar i Selje og Stadlandet
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 14. september
Vi har ledig fast 100 % stilling som offentleg godkjend sjukepleiar i turnus frå 01.09.2025 .
Stillinga er i hovudsak 100 %, men ønske om anna stillingsprosent kan vurderast.
I område Selje/Stadlandet har vi slått saman sjukepleiarkreftene våre. Her jobbar vi side om side i heimetenesta og på institusjon som eit team, for å gje best mogleg omsorg til dei vi er her for.
Her får du oppgåver som spenner frå avansert medisinsk oppfølging, til tett samarbeid og oppfølging i livets siste dagar. Du får brukt heile sjukepleiefaget – og meir til – i ein variert kvardag hjå oss der ingen dagar er like.
Kvifor velje oss?
Du får mulighet til å oppleve kor verdifullt det er å jobbe på tvers av heimebasert omsorg og institusjon. Du får reise på heimebesøk der du møter mennesker i sitt eige miljø samstundes som du får nytte sjukepleiarkompetansen din til å bistå tenestemottakarar i bufelleskap og institusjon. Du får være sjølvstendig samtidig som du har tett samarbeid med kollegaer og fellesskap rundt faglege diskusjonar.
Hos oss får du brukt din sykepleierkompetanse der den trengs mest. Vi sørger for at rett kompetanse brukes på rett sted, slik at du kan fokusere på oppgaver som krever din faglige kompetanse. Du blir del av eit sterkt fagmiljø der kunnskap, erfaring og idear verdsetjast .Du får utfordringar som gir deg høve til å bruke både akuttkompetanse, kliniske ferdigheiter, observasjonskompetanse og omsorgsevne.
Du vil kunne få muligheit til å velge langvaktsturnus, turnus med ordinære vakter eller ein kombinasjon av dette?
Langvakter gir betre kontinuitet for tenestemottakarane reduserer stress i kvardagen , og gjev dei tilsette komprimert arbeidstid på helg og lengre friperiodar til å hente seg inn.
“Eitt team. Eitt mål. Best mogleg omsorg – saman med deg!”
Bli med i vårt tverrfaglege team i heimetenesta og på Seljetunet! Her kombinerer vi styrkane våre på tvers for å gje best mogleg omsorg – både heime hjå tenestemottakarane og på institusjon.
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleiefaglege oppgåver, omsorg og medisinsk behandling
- Kartlegging og vurdering av behov hjå tenestemottakarane
- Samarbeid med pårørande
- Samarbeid med sakshandsamarteam
- Følge opp og dokumentere tenesteytinga etter kvalitetskrav, lovverk og kommunale retningslinjer
- Rettleie studentar, lærlingar og kollegaer
- Tverrfagleg samarbeid med anna fagpersonell
Kvalifikasjonar
- Offentleg godkjend/ autorisert sjukepleiar
- Gjerne relevant vidareutdanning og kurs
- Gode språkkunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg
- Førarkort kl. B
Personlege eigenskapar
- Du jobbar for eit kontinuerleg godt og utviklande arbeidsmiljø
- Du har lyst til å vere med å utvikle framtidas heime- og institusjonsteneste
- Du likar utfordrande arbeidsoppgåver og varierte arbeidsdagar
- Du er interessert i forbetringsarbeid
- Du tek initiativ og ansvar
- Du trivast med både å arbeide sjølvstendig og saman med andre
For oss er det viktig at du trivast med menneske, og at du ønskjer å bruke faget ditt til det beste for våre tenestemottakarar.
Dei vi skal hjelpe har ulike medisinske behov, og du må derfor kunne sette deg inn i ulike sjukdomsbilete og anbefalte behandlingsmetodar.
Vi tilbyr
- Godt tverrfagleg samarbeid og godt arbeidsmiljø
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- Rekrutteringstilskot (kr. 30.000)
- Kompetansetillegg for relevant etterutdanning
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Årsarbeidsplan som gir god fleksibilitet i forhold til å planlegge arbeidstid
- Høve til å inngå avtale om å arbeide fleire helgar i årsarbeidsplan mot ekstra kompensasjon
- Høve til å inngå individuell avtale om frie timar i turnus
- Høve til å inngå avtale om langvakter på helg (kvar 4.helg) , og i vekedagane for lengre friperiodar
- Tilbod om flyttegodtgjersle dersom du vil flytte til kommunen vår
- Høve til fagleg utvikling og tilrettelegging for vidareutdanning på område som kommunen har behov for
- Høve til å inngå avtale om stipend og bindingstid som sjukepleiarstudent
Vi ber om at attestar, vitnemål og relevante referansar vert lagt ved søknaden.
Stad kommune har seks månader prøvetid. Poitiattest skal leggast fram før start i stillinga. Aktuelle søkjarar må ha førarkort.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Ring oss gjerne for ein prat, så fortel vi meir!Kontaktinformasjon
Anne-Lise Teige, Avdelingsleiar heimetenesta , 41002206, Anne-lise@teige.stad.kommune.noStine Fylling Silden , Avdelingsleiar Seljetunet, 98482449, stine.fylling.silden@stad.kommune.no
Heidi Munch Starheim, Einingsleiar Institusjonane , 48045210, heidi.munch.starheim@stad.kommune.no
Annette Hovden, Einingsleiar Heimetenesta, 45 47 84 72, annette.hovden@stad.kommune.no
Arbeidsstad
6740 Selje
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stad kommuneReferansenr.: 4998406308
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.09.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg i Nordfjord i Vestland fylke. Kommunen vart oppretta 1. januar 2020 då kommunane Eid og Selje og bygdene Maurstad, Bryggja og Totland vart slått saman. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. I kommunen finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff rockfestival, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!
https://www.nordfjord.no/stad
https://www.einstadistad.no/
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
5f5fc8ff-3cb0-4af1-b135-65cb5f8485fc
- Hentet fra
talentech
- Referanse
71551b42096f4f9ebc5bea9dfea079a2