Hopp til innhold

Barnehagane i Sunnfjord har ledige stillingar

Arbeidsgiver

Sunnfjord kommune Bygstad barnehage

Sted

Sunnfjord

Om jobben

Stillingstittel
Pedagogisk leiarar og barnehagelærar
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
2
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest torsdag 12. november

Vil du vere med på å skape ein trygg, leiken og lærerik kvardag for barna våre? Sunnfjord kommune har ledige stillingar som pedagogar. 

Vi søkjer engasjerte og tydelege pedagogar til mellombelse stillingar i barnehagane våre. Som pedagog får du hovudansvaret for å planleggje, gjennomføre og evaluere det pedagogiske arbeidet på avdelinga, i tråd med barnehagelova og rammeplanen. Du vil leie og rettleie teamet ditt, og samarbeide tett med foreldre og resten av fagmiljøet i barnehagen for å sikre eit inkluderande og godt oppvekstmiljø.

Vi har ledige stillingar i følgande barnehagar:

 

Bygstad barnehage:
  • 100 % stilling som pedagogisk leiar, vikariat i perioden 01.01.2027 - 15.08.2027
  • For meir opplysningar, ta kontakt med einingsleiar Anne Jorunn Fauske, tlf. 970 53 654, eller på e-post anne.jorunn.fauske@sunnfjord.kommune.no 

     

    Skei barnehage 
  • 100 % stilling som pedagog ,vikariat i perioden 01.01.2027 - 31.07.2027 (20 % som pedagogisk leiar og 80 % som barnehagelærar)
  • For meir opplysningar, ta kontakt med konstituert einingsleiar Anne-Sofie Fonn Nilsen. tlf. 994 85 240, eller på e-post anne-sofie.fonn.nilsen@sunnfjord.kommune.no

     

    Tilsetting skjer med atterhald om fortrinnsrett for kvalifiserte søkarar i kommunen, jf. arbeidsmiljølova og gjeldande avtaleverk.
     

    Barnehagane kan tilby deg:

    • god oppfølging av nytilsette
    • deltaking i team med sterk kultur for fagleg utvikling og læring
    • systematisk kvalitetsarbeid i ein lærande organisasjon
    • tillegg som pedagogisk leiar
    • kompetansetillegg for relevant vidareutdanning
    • gode pensjons- og forsikringsordningar

    Kvalifikasjonar:

    • du er utdanna som barnehagelærar eller barne- og ungdomsarbeidar
    • du er ein relasjonsorientert person som viser omsorg og ser kvart enkelt barn
    • du har gode evner til å leie barn og vaksne
    • du kan arbeide sjølvstendig og har gode evner til samarbeid
    • du likar å bidra til å finne gode løysingar og skape utvikling
    • beherskar godt norsk, både skriftleg og munnleg

    Søkar må søkar legge fram gyldig politiattest utan merknad før tilsetting.

    Kjenner du deg igjen i denne beskrivelsen håpar vi du vil søke på stilling i våre barnehagar!

    For meir informasjon om dei ulike barnehagane sjå Sunnfjord kommune si heimeside. 

    Du søker elektronisk.

    Velkommen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!

     
    Link til søknadsskjema: Søk her

    Kontaktperson for stillingen

    Anne Jorunn Fauske

    970 53 654 +47 57 71 85 10

    Om bedriften

    Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    5ee7f305-5554-4623-9c41-109f22a0ee53

    Sist endret

    2. november 2026

    Hentet fra

    visma-easycruit

    Referanse

    3674929_192431_nn

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser