Hopp til innhold

Avdelingsleiar – Miljøterapitenesta i Vågå kommune

Arbeidsgiver

Vågå Kommune Bufellesskap

Sted

Vågå

Om jobben

Oppstart
Etter avtale
Stillingstittel
Avdelingsleder
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager

Søk på jobben

Søk senest søndag 18. oktober

Vil du vere med å leie og forme framtidas miljøterapiteneste i Vågå?

I Vågå kommune søkjer vi no etter ein engasjert og fagleg sterk leiar til Miljøterapitenesta i 100 % fast stilling.

Eitt team -- to avdelingsleiarar og tenesteleiar.

Vi ønskjer å styrkje leiinga i tenesta, og søkjer no etter ein ny avdelingsleiar. Saman med eksisterande avdelingsleiar og tenesteleiar skal ein danne eit tett og velfungerande leiingsteam med felles fokus på drift, personalansvar og utvikling.

Stillinga er organisert under tenesteleiar som har eit overordna ansvar for tenesta.

Fordeling av arbeidsoppgåver vil bli gjort ut frå kompetanse, interesse og behov - og det er rom for både deg som er opptatt av struktur og dagleg drift, og deg som ønskjer å bidra i faglege utviklingsprosessar.

Om Miljøterapitenesta

Miljøterapitenesta i Vågå gir tenester til menneske med utviklingshemming. Vi arbeider med målretta miljøarbeid og ønsker at brukarane skal oppleve meistring, trivsel og tryggleik i kvardagen.

Fagleg kvalitet, medverknad og godt arbeidsmiljø er kjerneverdiar for oss. Vi skal vere ei utviklande teneste - både for brukarane og for dei tilsette.

Arbeidsoppgåver:
  • Drift, personalansvar og økonomioppfølging.

  • Fagleg leiing og rettleiing.

  • Opplæring og utvikling av rutinar og prosedyrar.

  • Ansvar for journalsystemet (Profil) og internkontrollsystemet (Compilo).

  • Kvalitetssikring og rapportering.

  • Kompetanseplanlegging og fagleg utvikling i avdelinga.

  • Sikre brukarmedverknad og tverrfagleg samarbeid.

  • Møteverksemd og leiing av personalmøte.

  • Sjå til at lover, forskrifter og interne føringar blir følgde.

  • Lede og utvikle tenesta.

  • Lista er ikkje uttømmande, og arbeidsoppgåvene kan bli endra og tilpassa etter behov.

Vi ser etter deg som har:
  • bachelor innan helse- og sosialfag -- t.d. vernepleiar, sjukepleiar eller anna relevant bachelorgrad

    • Søkjarar med autorisasjon som helsefagarbeidar med relevant vidareutdanning vert òg oppmoda til å søkje.
  • erfaring frå leiing og liknande arbeidsoppgåver er ein fordel

  • erfaring frå arbeid med personar med utviklingshemming er ein fordel.

  • gode digitale ferdigheiter.

  • kjennskap til relevant lov- og avtaleverk.

  • god formidlingsevne, du kommuniserer klart og forståeleg på norsk, både skriftleg og munnleg.

Som person er du:
  • Engasjert og initiativrik 

  • Tydeleg og innehar ein trygg leiarstil med fokus på godt arbeidsmiljø og høg etisk bevisstheit

  • God på samarbeid

  • Fleksibel og løysingsorientert 

  • Strukturert og har gjennomføringsevne

  • Reflektert og fagleg dyktig med fokus på kvalitet

Personlegeeigenskapar blir tillagt avgjerande vekt.

Ved tilsetting vil vi krevje godkjent politiattest som ikkje er eldre enn tre månadar.

Vi tilbyr deg:
  • Ei meiningsfull leiarstilling i eit viktig fagfelt.

  • Moglegheit for å forme og påverke ei teneste i utvikling.

  • Tett samarbeid i eit leiingsteam.

  • Kompetente og engasjerte kollegaer.

  • Lønn etter avtale og gode pensjons- og forsikringsvilkår gjennom KLP.

Arbeid på dagtid og fleksitid.

Gode ordningar for kompetanseheving.

  • Kommunen kan vera behjelpeleg med å skaffe til vege mellombels bustad for deg som ikkje kan dagpendle.
  • Vågå kommune er ein arbeidsgivar som verdset mangfald

    Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje -- uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller bakgrunn.

    Vi gjer merksam på at namnet på søkjarar kan bli offentleggjort, sjølv om du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste, jf. Offentleglova §25.

    Kontaktperson for stillingen

    Thomas Rannstad Haugen

    Kommunalsjef for helse

    970 10 982

    thomas.rannstad.haugen@vaga.kommune.no

    Om bedriften

    Vågå kommune ligg i Nord- Gudbrandsdalen, midt mellom nasjonalparkane Jotunheimen og Rondane, omtrent midt mellom Oslo og Trondheim, med ei reisetid til begge på knappe 4 timar, så vel med bil som med tog eller buss. Kommunesenteret Vågåmo er ein konsentrert og triveleg handelsstad, med eit godt utbygd servicetilbod. Vågå kommune har ca. 3.550 innbyggjarar, eit godt barnehage- og skuletilbod, og eit allsidig og rikt kulturliv.

    Vi meiner at det er viktig å ha ein god balanse mellom jobb og fritid - med ei passe mengde arbeidsoppgåver. Er du glad i friluftsliv kan du kople av i både skog og fjell: det finst gode fiske- og jaktmoglegheiter. Den rurale bygda har i tillegg fleire idrettslag med idrettsarenaer, fotballbaner og idrettshall med klatrevegg, skiløypenettverk og alpinsenter, og byr også på meir urbane tilbod som kulturhus, kino og galleri.

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    5e53df14-40b7-4b88-a234-200615e7ecda

    Sist endret

    29. september 2026

    Hentet fra

    Stillingsregistrering

    Referanse

    5e53df14-40b7-4b88-a234-200615e7ecda

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser