Hopp til innhold

Stranda distrikt HTF - Tilkallingsvikar

Arbeidsgiver

Stranda kommune

Sted

Nymarkvegen 58, 6200 Stranda

Om jobben

Stillingstittel
Stranda distrikt HTF - Tilkallingsvikar
Type ansettelse
Annet, deltid 20%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest torsdag 3. desember

Er du ute etter ei meiningsfull bijobb – der du gjer ein forskjell for eit unikt menneske?
HTF (Heimeteneste for yngre brukarar med funksjonsnedsetjing) i Stranda kommune søkjer ein person som kan bidra som tilkallingsvikar i eit lite, fagleg sterkt og omsorgsfullt team.

Arbeidsoppgåver

Arbeidstid og fleksibilitet

Det er mest behov for helgevakter/langvakter på 12,5 timar, men kveldsvakter kan også vere aktuelt. Vi er fleksible – og du blir ein del av eit team som jobbar aktivt med fagutvikling, der alle får bidra.

Kvalifikasjonar

Førarkort.

Gode norskkunnskaper både muntleg og skriftleg

Personleg eignaheit er avgjerande.

Personlege eigenskapar

Du er trygg i deg sjølv, roleg og skapar tryggleik rundt deg.
Du er forståingsfull, god til å observere og tilpasse deg andre sine behov og åtferd.
Du har godt humør, og trivst med å bidra til ein meiningsfull kvardag. 
Du jobbar sjølvstendig og aleine, men får god opplæring og rettleiing frå eit team med mykje erfaring og fagleg engasjement.

Vi tilbyr

Eit trygt arbeidsmiljø med fokus på fagleg utvikling og trivsel.
God opplæring og rettleiing – du får tid til å bli trygg i rolla.
Ei meiningsfull rolle der du gjer ein forskjell 
Fleksibilitet og respekt for at dette er ei bijobb.

Usikker på om dette passar for deg?
Du treng ikkje ha erfaring frå før – det viktigaste er at du møter andre med ro, respekt og varme.
Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat – vi vil gjerne bli kjent med deg!

Kontaktinformasjon

Liv Skarbø Gjærde, Eininingsleiar, +47 46411180

Arbeidsstad

Nymarkvegen 58
6200 Stranda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stranda kommune

Referansenr.: 5212369847
Stillingsprosent: 20%
Vikar
Søknadsfrist: 03.12.2026

Kontaktperson for stillingen

Liv Skarbø Gjærde

Eininingsleiar

+47 46411180

Om bedriften

Stranda – «Ein liten stad i verdsklasse»! Mellom fjord og fjell på indre Sunnmøre 1 time frå Ålesund finn du Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda. Kommunen har ca. 4.300 innbyggjarar eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt kultur- og idrettsliv og eit breitt tilbod for deg som trivst ute året rundt. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet- spesielt kjent for sine spektakulære omgivnadar i Sunnmørsalpane, regionalt kulturhus- den naturlege møtestaden for kino, teater, dans, utstillingar og konsertar av alle slag, folkebibliotek og treningssenter.

·         Stranda kommune er i sentralitetssone 5 og har makspris kr 700,- pr. md. for full barnehageplass. 

·         Bur du i Stranda og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt. Du kan få sletta delar av lånet kvart år til det er nedbetalt.

I Stranda kommune arbeider vi etter visjonen «Til å vere stolt av». Vi ønskjer å vere ein arbeidsplass der folk trivst, utviklar seg og får bruke kompetansen sin til beste for innbyggjarane. Gjennom samarbeid, tillit og engasjement skaper vi gode tenester og sterke lokalsamfunn. Verdiane våre respekt, omsorg og openheit skal prege arbeidet vårt. Les om Stranda og dei kommunale tenestilboda.

I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekke bank, forsikring og spareprodukt. Offentleg tenestepensjon for nytilsette

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

5e2f76c9-bb02-4d63-97ab-da14865c1546

Sist endret

18. november 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

47b2e4df95f7494d956996a6ce7e91b6

Lignende annonser

Laster lignende annonser