Barne- og ungdomsarbeider
Longva barnehage, Haram kommune
Øvstevegen 212, 6293 Longva
Om jobben
- Oppstart
- 2. november 2026
- Stillingstittel
- Barne- og ungdomsarbeider
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid 60%
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest mandag 26. oktober
Longva barnehage ligg flott til midt på øya på Flemsøy/Skuløy. Barnehagen har naturen tett på, med gode høve til turar i skog, fjell og fjøre, som vi nyttar heile året til utforsking, leik og læring.
Longva barnehage vart ny kommunal barnehage i Haram 1. august 2025, og har i dag 21 barn frå 1-5 år, og ei personalgruppe med god fagleg kompetanse.
Longva barnehage har behov for ein vikar i 60 % stilling som barne- og ungdomsarbeidar. Vi søker deg som er trygg og engasjert, og som set barnet sitt beste i sentrum og bidreg til fellesskap, trivsel og kvalitet i barnehagen. Det er viktig at du både kan arbeide sjølvstendig og vere ein god lagspelar. Hos oss får du høve til å vere med og skape ein trygg og utviklande kvardag for barna. Har du ikkje fagbrev, men anna relevant erfaring med arbeid med barn, så er det berre å søkje!
Haram kommune er ein ambisiøs kommune som har fokus på gode, heilskaplege tenester. Vi jobbar fleksibelt og på tvers for å skape kvalitet for innbyggjarane våre – og vi spelar kvarandre gode.
Arbeidsoppgåver
- Gi omsorg, støtte og vere lyttande i møte med kvart enkelt barn
- Medansvar for utvikling av det sosiale miljøet, og lærings- og danningsmiljøet i barnegruppa
- Bidra til at kvart enkelt barn får medverke og oppleve positiv grensesetting, både enkeltvis og i gruppe
- Bidra i planlegging, gjennomføring og evaluering av det pedagogiske arbeidet på avdelinga, innanfor gjeldande lovverk og rammene ein har blitt einige om
- Delta aktivt i barnehagen sitt endrings- og utviklingsarbeid
- Omsette teoretisk kunnskap til praksis og ta fagleg initiativ i det daglege arbeidet
- Gjennomføre systematisk observasjon som grunnlag for planlegging og gjennomføring av aktivitetar
- Bidra til godt foreldresamarbeid gjennom å vere lyttande og vise forståing og respekt
Kvalifikasjonar
- Ønskjeleg med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar og erfaring frå barnehage, men dette er ikkje
eit krav - Levere godkjent politiattest av nyare dato
- Ha gode norskkunnskapar. Personar med eit anna førstespråk enn norsk eller samisk, må fylle
språkkrav, jamfør Barnehagelova §27 - Jobbe i tråd med Haram kommune sine retningsliner
Personlege eigenskapar
- Vere løysingsorientert, fleksibel og open for endring
- Jobbe sjølvstendig
- Vere ein pådrivar både i det praktiske og det faglege arbeidet
- Halde deg oppdatert på det som skjer på eigen arbeidsplass og elles vere fagleg oppdatert
- Jakte på nye idear og vise vilje til nyskaping
- Vere bidragsytar på personalmøte og planleggingsdagar og i oppfølging av kurs
- Reflektere over eige arbeid og søkje rettleiing ved behov
- Syne handlekraft, organisere og ta avgjerder med barna sitt beste i fokus
- Sette seg personlege mål og vere synleg i gruppa
- Vere ein aktiv, leiken, engasjert og trygg vaksen
- Samarbeide med andre tilsette og eksterne samarbeidspartnarar
- Halde tidsfristar, møte presis på jobb og vere klar når vakta startar
- Vere ein god rollemodell, ein inkluderande medarbeidar og bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Personlege eigenskapar og gode referanser vil bli vektlagt
- Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju
Vi tilbyr
- Eit utviklingsorientert, fagleg miljø og stimulerande omgjevnader
- Løn etter gjeldande tariff
- God pensjonsordning
Kontaktinformasjon
Reidunn Rogne Flem, Styrar, 99526013, reidunn.rogne.flem@haram.kommune.noArbeidsstad
Øvstevegen 2126293 Longva
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommuneReferansenr.: 5189649589
Stillingsprosent: 60%
Vikar
Startdato: 02.11.2026
Sluttdato: 18.07.2027
Søknadsfrist: 26.10.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Haram kommune har om lag 9400 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.
Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.
Bur du i Haram kommune og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt per år. Les meir om ordninga her: Sletting av gjeld i utvalgte kommuner
Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
5e17e0c3-401e-4b3f-9c54-c2f7485de5a7
- Sist endret
12. oktober 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
805d19b9b5734de2aaf2d92de775c1db