Barneverntenesta
Øygarden kommune Barneverntenesta
Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5354 Straume
Om jobben
Stillingstittel
Ledige stillingar som kontaktperson
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
5
Søk på jobben
Søk senest mandag 22. september
Barnevernstenesta er i endring, og vi har fleire dyktige medarbeidarar som no går vidare til nye roller – både internt i kommunen og utanfor. I tillegg skal nokre av våre tilsette ut i foreldrepermisjon. Dette gjer at vi har ledige stillingar både faste og mellombelse. Vi ser derfor etter nye engasjerte kollegaer som vil vere med å styrkje laget vårt og bidra til å gje barn, unge og familiar i kommunen den støtta dei treng.
Øygarden barnevernstenesta har med utgangspunkt i ordtaket «It takes a village to raise a child», utvikla ein systemisk modell for oppfølging av familiar. Landsbymodellen legg vekt på samarbeid, systematikk og skreddarsydde løysingar, med barnet sitt behov i sentrum.
Barnevernstenesta legg stor vekt på eit fagleg sterkt miljø, der vi leverer gode og kvalitativt sterke tenester til barn og familiar i ei lærande organisasjon. Vi vil vere stolte av arbeidet vårt, og vår grunnleggande haldning er at barn og familiar er ekspertar på eigne liv – barn skal bli høyrde, og deira meiningar skal kome tydeleg fram i alle prosessar.
Vi søkjer:
Kontaktperson – en i fast 100% stilling
Kontaktpersonar – to vikariat på 1,5 år, 100%
Kontaktpersonar – to vikariat på 1 år, 100%
Kven er du?
Brenner du for å sikre gode samarbeidsrelasjonar, trygg forvaltning i menneskemøte, og samtidig verdset gode rutinar og tverrfagleg samarbeid – med fokus på kva vi sjølve kan bidra med heller enn kva andre bør gjere annleis – då er dette stillinga for deg.
Er du fleksible og løysingsorientert, samt glad i å spille på lag og oppteken av å vere en god lagspelar – då er dette helt klart stillinga for deg.
Arbeidsoppgåver:
- Sakshandsaming etter lov om barnevern.
- Tverrfagleg samarbeid
- Fremje og føre sakar for Barneverns- og helsenemnda og anna rettsinstans
- Arbeidsoppgåvene skal utførast innan fleksibel arbeidstid.
- Arbeid på ettermiddag og kveld må påreknast.
Kvalifikasjonar:
Må ha:- 3- årig relevant sosialfagleg utdanning, annan utdanning vil bli vurdert.
- Gyldig politiattest ved tiltreding
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Førarkort klasse B
- Kjennskap til barnevernfagleg metodikk og forvaltning
- Relevant vidareutdanning
- Du er fleksibel og har gode samarbeidsevner
- Du toler høgt arbeidspress
- Du evner å kunne jobbe sjølvstendig og i team
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt:
Einingsleiar Hege Gundersen tlf: 934 84 846 evt.
Hege.Gundersen@oygarden.kommune.noØygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
5d7ec07c-ca4a-4535-b3d5-e86e80329797
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3540703_192483_nn