Er du på utkikk etter ein meiningsfull og givande jobb? Se her.
JAG Assistanse AS
Volda, Norge, 6102 Volda, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Er du på utkikk etter ein meiningsfull og givande jobb? Se her.
Type ansettelse
Fast, deltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Frist: 07-10-2025
Alternativt kan du sende søknad via e-post til lola.aasen@jagassistanse.no
Eg er ein omgjengeleg og positiv ung mann på 30 år som no søkjer etter initiativrike og ansvarsfulle assistentar.
Grunna samansette utfordringar med bla. ADHD/ADD og autisme, er det fleire ting eg strevar med i kvardagen, men også mange ting eg greier.
Å vere tolmodig, bli godt kjent med meg, og å forstå mine utfordringar er veldig viktig for å kunne gi hjelpa eg treng. Målet mitt er å bu mest mogleg sjølvstendig i eiga leilegheit i Volda, kunne ha ein tilrettelagt jobb, og elles leve eit så normalt og sosialt liv som mogleg.
Interessene mine er musikk, film og teater, og gjerne lage noko kreativt sjølv. Bygge eller skrue, og lære nye ting er også kjekt. Likar aktivitetar som fotball, bading, trening, og fotturar. Om du også deler nokon av mine interesser hadde det vore kjekt.
Sjølv om eg har godt pågangsmot, treng eg hjelp både til å gjere val, kome i gang med ting og å fullføre det eg har starta. Struktur, rutine, og tryggheit er viktig for at eg skal fungere. Treng også hjelp til å kome meg ut og leve eit normalt sosialt liv, og at nokon kan vere med meg på turar. Eg har eigen bil, så om du også likar å køyre på bilturar og være i aktivitet, trur eg at vi kan få det veldig kjekt i lag.
Om du er ung eller godt vaksen, så har alle sine styrker og svakheiter, og alle kan vere like aktuelle. Dersom du ønskjer å jobbe i ein givande og variert jobb, håpar eg du søkjer!
Ledig stillingstype:- Fast deltidsstilling med 2-4 timar i veka.
- Tilkalling.
- Kveld for fast stilling.
- Dag/kveld/helg for tilkallingsstilling.
- Praktisk støtte og hjelp i leilegheita med reinhald, klevask, og anna husarbeid, handling, og matlaging saman med meg. Treng også litt hjelp til personleg stell.
- Hjelp til å lage dagsplanar og rutinar i samarbeid med meg og arbeidsleiar.
- Hjelpe meg å ta val, støtte og motivere.
- Hjelpe med å planlegge og ta del i aktivitetar. Finne på ting saman med meg.
- Støtte til å kome meg ut i ein tilrettelagt jobb.
- Bistå meg på trening og delta i sosiale aktivitetar, samt være med på turar.
Ønska personlege eigenskapar:
- Trygg, påliteleg, empatisk og ansvarsfull.
- Løysingsorientert, sjølvgåande, og gjerne kreativ.
- Kunne setje seg inn i, og forstå andre sine utfordringar.
- Evne til å motivere andre.
·Plettfri vandel/politiattest
·Gode norskkunnskapa
·Førarkort
Som assistent i JAG blie du tilbode:- Tariffavtale (Landsoverenskomsten for BPA).
- Gode pensjon- og forsikringsordninger
- Stort fokus på opplæring og kurs
- Digital timeregistrering
- Treningstilskot
Som personleg assistent i JAG utgjer du ein forskjell kvar dag, og personleg egnethet er avgjerande.
Søknadsfrist:
(Søknadar vurderast fortløpande)
Kontaktperson for stillingen
Lola Amèlie Martinez Aasen
Om bedriften
JAG Assistanse AS (JAG) er en ideell leverandør av brukerstyrt personlig assistanse (BPA) og styrer etter non-profitt prinsippet. JAG har bred kompetanse på organisering av BPA-tjenester, spesielt for personer med sammensatte funksjonsnedsettelser, hvorav en kan være av kognitiv art. Vi arbeider for at alle uavhengig av funksjonsnedsettelse skal kunne leve sine liv fullt ut på egne vilkår, og skreddersyr hver enkelt BPA-ordning.
JAG er landsdekkende og arbeidsgiver for over 800 ansatte, og det legges stor vekt på kvalitetssikring, opplæring og videreutvikling. Verdigrunnlaget i JAG bygger på Independent Living og grunnleggende menneskerettigheter, som også gjenspeiles i JAGs kulturkode.
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
5d74afe4-7495-488b-8e1a-aa4d923049b1
- Hentet fra
Jobylon
- Referanse
JBL_309355