Vil du vere fastlege i Vindafjord?
Vindafjord kommune Helse og omsorg
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen
Om jobben
- Stillingstittel
- Fastlegar i vikariat
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidsspråk
- Norsk eller skandinavisk
Søk på jobben
Søk senest mandag 30. november
Vi søkjer vikarar for fastlegar i fødselspermisjon ved Ølen legekontor og Vindafjord Legesenter i Vindafjord. Vi søkjer to legar med gjennomført LIS1, gjerne spesialistar i allmennmedisin, som ønskjer eit vikariat i eit organisert fagmiljø. Fastlegeheimlane har 950 pasientar kvar. Vikariata varer frå 04.01.2027 til 31.01.2028, med moglegheit for forlenging.
Om legekontora
Ølen legekontor ligg i Ølen og er eit kommunalt drive legekontor. Her arbeider sju fastlegar, ein LIS1-lege, helsesekretærar og ein sjukepleiar.
Vindafjord Legesenter ligg i Isvik/Skjold og blir drive av SmartLegen. Her arbeider fem fastlegar, ein LIS1-lege, helsesekretærar og sjukepleiarar.
Legekontora er velfungerande og har effektiv pasientflyt, breitt tverrfagleg samarbeid og gode moglegheiter for fagleg sparring. Praksisane er lagde til rette for høg kvalitet i det allmennmedisinske arbeidet.
Arbeidsoppgåver
- Arbeid som fastlege med ansvar for eiga liste.
- Kommunale tilsynsoppgåver og eventuelt andre legeoppgåver etter avtale.
- Deltaking i legevaktordninga til kommunen.
Kommunen har eiga legevakt, organisert med delt vaktordning. Det blir gitt forhøgd beredskapskompensasjon og fri med lønn påfølgjande yrkedag etter nattevakt, uavhengig av aktivitet.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege.
- Gjennomført LIS1 eller turnusteneste.
- Gode ferdigheiter i norsk eller eit anna skandinavisk språk, skriftleg og munnleg.
- Førarkort klasse B.
Spesialitet i allmennmedisin er ein fordel, men ikkje eit krav.
Personlege eigenskapar
- Du trivst både med å arbeide sjølvstendig og som ein del av eit team, og du har gode samarbeidsevner.
- Du tek initiativ, arbeider proaktivt, strukturert og systematisk og er løysingsorientert.
- Du møter pasientar med tryggleik og respekt, og du evnar å skape tillit i møte med menneske i ulike livssituasjonar.
Vi tilbyr
- Lønn etter avtale
- Velfungerande legekontor med moderne utstyr og erfarent støttepersonell.
- Ryddige arbeidsforhold og ein føreseieleg arbeidskvardag.
- Gratis parkering.
- Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
- Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
- Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Andre opplysningar
Ved arbeid i helse og omsorg skal du leggja fram godkjend politiattest.
Dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månader, skal du leggja fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før du startar i jobben. Personell i helse og omsorg skal òg leggja fram helseopplysningsskjema i samband med MRSA.
Om området
Vindafjord kommune ligg i Rogaland, med kort veg til både by og natur. Området byr på fjord, fjell og gode friluftsmoglegheiter året rundt. Samstundes gjer pendleavstanden til større byar kvardagen fleksibel. Lokalsamfunnet er trygt og aktivt, med gode tilbod til innbyggjarane.
Slik søker du:
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
5cafb258-2994-4214-928b-49a9880a17d5
- Sist endret
6. november 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3676917_229831_nn