Miljøterapeut
Sandnes ungdomssenter avd Minde 2
Mindeveien 8, 4327 Sandnes, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Miljøterapeut
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 22. september
Sandnes ungdomssenter er ein statleg barnevernsinstitusjon som ligg i Sandnes kommune. Eininga ligg flott til i eit triveleg nabolag, og har nydeleg utsikt utover Sandnes og Stavanger. Me er ein omsorgsinstitusjon med to avdelingar og 4 plassar på kvar avdeling. Avdeling Minde 1 er for barn mellom 8 og 13 år, mens Minde 2 er for ungdom mellom 13 og 18 år. Begge avdelingane har eigne avdelingsleiarar.
Ved Sandnes ungdomssenter har me forsterka eininga vår med bemanning og kompetanse. Me har implementert ein fagmodell; Omsorg- og endringsmodellen (OEM). Modellen byggar på kognitiv terapi og dialektisk åtferdsterapi (DBT). Avdelingane har eigne fagansvarlege miljøterapeutar som følgjer opp modellen i det daglege.
På Minde 2 er det ledig ein 100% fast stilling som miljøterapeut. Tiltreding etter avtale. Det kan oppstå fleire vikariat ved eininga i heil eller deltidsstilling.
Arbeidsoppgåver
- Ivareta ungdomane med god omsorg og trygge rammar gjennom å vere ein trygg, tydeleg og føreseieleg vaksen.
- Delta på ulike interne møter som overlapping mellom vaktlaga.
- Skriftleg dokumentasjon i samband med dagleg loggføring i Birk og anna skriftleg dokumentasjon.
- Noko kontakt med ulike samarbeidspartar, som kommunal barnevernteneste, føresette, sosialt nettverk, politi, helseinstansar m.fl.
- Hovedkontakt ansvar
- Daglege oppgåver på avdelinga.
Kvalifikasjonar
- Fullført 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning (sosionom, barnevernspedagog eller vernepleiar) bachelor tilsvarande 180 studiepoeng.
- Søkjarar med anna relevant bachelorgrad som til dømes innan lærer,sjukepleie, pedagogikk eller psykologi, fortrinnsvis med 60 stp. relevant vidareutdanning, kan og vurderast.
Me ser etter deg som
- Har god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
- Er sjølvstendig i skriftleg arbeid og har god kunnskap i bruk av dataverktøy i dokumentasjonsarbeid.
- Har god fysisk og psykisk helse.
- Har førarkort for personbil kl. B.
- Erfaring frå miljøterapeutisk arbeid i barneverninstitusjon og/eller barne- og ungdomspsykiatri.
- Kjennskap til Barns rettigheitar i institusjon, jfr. barnevernslova.
- Kjennskap til Tryggleik og sikkerheit.
- Kjennskap til Traumebevisst omsorg.
Personlege eigenskapar
- Du rommar ungdomane og deira uttrykk på ein varm og støttande måte, og arbeidar aktivt for å skape forståing og endring.
- Du er engasjert, og har evne til å motivere andre.
- Du har god arbeidsmoral og gode samarbeidsevnar, og er ein positiv bidragsytar i arbeidsmiljøet.
- Du er fleksibel, trivast med utfordringar, og tålar hektiske og spanande kvardagar.
- Du ynskjer å være ein del av ein velorganisert kvardag, har forståing for, og vil bidra til oppfølging av gjeldande strukturar og rutinar.
- Du har evne til å utøve ansvarlegheit i det sjølvstendige arbeidet og evne til å samarbeide i team.
- Du kan nyttiggjere deg opplæring, rettleiing og konstruktiv tilbakemelding.
- Du har evne til å analysere utfordringar og vurdere forslag til løysing.
- Du har evne til å halde deg fagleg oppdatert og tileigne deg ny fagleg kunnskap.
Vi tilbyr
- Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar eller 1489 miljøterapeut, p.t. kr 490 000 - 615 000 pr. år.
- Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng, kan det tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, 1534 spesialutdanna miljøterapeut, p.t. kr 540 000 - 670 000 pr. år.
- Ved godkjenning som klinikar, kan det tilsetjast i stillingskode 1173 klinisk sosionom eller 1496 klinisk barnevernspedagog, p.t. kr 548 500 - 670 000 pr. år .
- Ved tilsetjing i deltidsstilling kan følgjande stillingskodar vere aktuelle. 1486 miljøarbeidar, p.t.kr 420 000 - 520 000, 1203 fagarbeidar med fagbrev, p.t. kr 434 500 - 540 000 eller 1488 miljøterapeut, p.t. kr 460 000 - 560 000.
- Løn og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, med moglegheit for tilbod om boliglån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
- Du vert del av ei engasjert, stabil og fagleg dyktig personalgruppe som tek vare på kvarandre.
- Vi vil tilby deltaking i avdelingsmøte minimum ein gong i månaden, på dagtid onsdagar.
Opplysningar til deg som søkjer:
- Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
- Stillinga er for tida lagt til Sandnes ungdomssenter, avdeling Minde 2.
- Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
- Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkarlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.
Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.
For å bli vurdert som søkjar, må du leggja ved relevante vitnemål og attestar med stadfesta stillingsstorleik. Vitnemål for utdanning teke i Noreg skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse/NOKUT.Kontaktinformasjon
Ole Tormod Wasbø, Einingsleiar, 46618639Arbeidssted
Mindeveien 84327 Sandnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: BufetatReferansenr.: 5011327540
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.09.2025
Kontaktperson for stillingen
Ole Tormod Wasbø
Einingsleiar
46618639
Om bedriften
Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterar til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Bufetat region vest femnar om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
5c3882ca-968e-40ba-ac84-170a777518fa
- Hentet fra
talentech
- Referanse
85b6fdcfc77e40c0b182dacd947766be