Tilkallingsvikarar
Vestre Slidre skule, Vestre Slidre kommune
Slidrevegen 17, 2966 Slidre, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Tilkallingsvikarar
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 1. oktober
Vestre Slidre skule ynskjer å kome i kontakt med personar som skulen kan ringje når dei har behov for lærarvikarar, barne- og ungdomsarbeidarar og pedagogisk medarbeidarar til skule og SFO.
Det kan vere aktuelt med både kortare og lengre vikariat. Aktuelle søkjarar vil bli kontakta fortløpande ved behov.
Vestre Slidre skule ynskjer tilsette som bidreg til inkluderande og motiverande opplæring. Gode relasjonar til elevane er avgjerande for godt læringsmiljø og gode resultat. Ved Vestre Slidre skule er vi opptekne av det profesjonsfaglege fellesskapet og ynskjer tilsette som saman vil vera med å utvikle skulen.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
- For stillinga som lærarvikar er det ynskjeleg med godkjent lærarutdanning, eller under pedagogisk utdanning. Søkjarane må minimum ha studiekompetanse.
- For stillingane som barne- og ungdomsarbeidar er det ynskjeleg med fagbrev, men vi oppmodar også personar med relevant erfaring/realkompetanse til å søkje.
- gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- god digital kompetanse
Gyldig politiattest må framvisast før tiltreding, jf opplæringslova § 17-11
Personlege eigenskapar
- du er ein tydelig, strukturert, varm og trygg klasseleiar
- har evne til å skape gode relasjonar med elevar, føresette og kollegaer
- du er oppteken av elevane si læring og deira læringsmiljø
- du er lojal og sjølvstendig, og du likar å samarbeide i team
- du har stor arbeidskapasitet og ynskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø
Det at ein er personleg eigna vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- godt arbeidsmiljø og utfordrande arbeidsoppgåver
- gode, kompetente kollegaer
- ein utviklingsorientert skule
- veiledning til nyutdanna lærarar
- god pensjonsordning
- løn etter avtale og elles arbeidsvilkår etter dei reglar som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglement og tariffavtalar
Kontaktinformasjon
Janne Opheim, Rektor, +47 97602202Arbeidsstad
Slidrevegen 172966 Slidre
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommuneReferansenr.: 5017307793
Stillingsprosent: 100%
Anna
Søknadsfrist: 01.10.2025
Kontaktperson for stillingen
Janne Opheim
Rektor
+47 97602202
Om bedriften
Andre opplysningar
Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Arbeidsplassen vil bli tilrettelagt ved behov. Det vert gjort merksam på at namnet på ein søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om at namnet blir unnteke offentleg søkjarliste. Ynskje om unntak frå offentleg søkjarliste må grunngjevast i søknaden, jf. offentleglova § 25, andre ledd. Søkjaren vert varsla dersom ynskje ikkje kan takast til følgje.
Vestre Slidre kommune er ein landbruks- og reiselivskommune i Valdres, og som ligg vakkert til nær Jotunheimen, er 457 km2 stor og har omlag 2 100 innbyggjarar. Vi har ei god skule, full barnehagedekning og ei av dei beste kulturskulane i landet. Kommunen har også eit rikt kulturliv med song, musikk og idrett, og eit vidt spekter innanfor lag og foreiningar.
Her ligg det til rette for aktivt friluftsliv - både sommar og vinter. Største delen av fjellområda i kommunen er statsallmenning. For jakt- og fiskeinteresserte byr dette på mange gode - som for eksempel fiske med garn og oter i alle vatn i allmenningen, og tilgang til småviltjakt. Vestre Slidre kommune kan også by på eit alpinanlegg og 300 km oppkøyrte skiløyper i vårt vakre og varierte fjellområde, samt to lysløypeanlegg. Det er god kommunikasjon til Oslo og Vestlandet via E-16, som går gjennom kommunen.
Flytte til Valdres? Sjå http://www.velgvaldres.noSektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
5c0a719c-2ceb-4708-8252-24cc30127e29
- Hentet fra
talentech
- Referanse
d295f77e4e984e08808b7ccd8ad93414