Økonomiavdelinga - Rekneskapskonsulent - eitt års vikariat
Seljord Kommune Sentraladministrasjon
Brøløsvegen 13A, 3840 Seljord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Økonomikonsulent
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 12. oktober
Vi søker etter ein rekneskapskonsulent til eit vikariat på inntil eitt år i 100 % stilling. Stillinga tilhøyrar økonomiavdelinga og er leia av økonomisjefen. Vi søkjer etter ein person med økonomifagleg utdanning på minimum bachelornivå. Det er ønskjeleg med god kjennskap og erfaring frå økonomi og rekneskapsarbeid, helst frå kommunal sektor. Den som blir tilsett må vere sjølvstendig, ryddig, effektiv, fleksibel og løysingsorientert med gode evner til samarbeid. Vedkomande må vere serviceinnstilt, analytisk og ha god skriftleg og munnleg framstillingsevne. Dei personlege eigenskapane som nemnt over vil bli vektlagd.
Det er ynskjeleg med tilsetting så raskt som råd.
Hovudarbeidsoppgåver vil vere-
Føre rekneskap for Seljord kommune og Seljord sokn
-
Assistere og rådgje leiarar, tilsette og eksterne samarbeidspartar
-
Anna førefallande merkantile oppgåver
-
Økonomifagleg utdanning på minimum bachelornivå
-
Det er ønskjeleg med god kjennskap og erfaring frå økonomi og rekneskapsarbeid, helst frå kommunal sektor
-
Den som blir tilsett må vere sjølvstendig, ryddig, analytisk og ha god skriftleg og munnleg framstillingsevne
-
Eit godt fagleg og sosialt miljø
-
Spennande og varierte arbeidsoppgåver
-
Pensjon frå KLP
-
Løn etter avtale
For den rette personen vil dette vere ein variert og spennande jobb ein kan utvikle seg i.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Seljord kommune ligg sentralt i hjartet av Telemark med storslått natur og gode friluftstilbod. Kommunen er eit handelssenter og trafikknutepunkt, og har mange store arrangement i løpet av året. Det er eit godt utbygde helsetenester, barnehagetilbod, 2 grunnskular, folkehøgskule, kulturskule, symjehall og kulturhus med bibliotek, idrettshall og treningssenter. Seljord kommune har i underkant av 3000 innbyggarar. Kommunen er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 390 tilsette totalt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
5bdf3ef0-e182-463d-b208-190e92e3110f
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
5bdf3ef0-e182-463d-b208-190e92e3110f