Spesialkonsulent vikariat
Vindafjord kommune Oppvekst
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen
Om jobben
Stillingstittel
Spesialkonsulent søkes - med hjarte for oppvekst og hovud for løysingar!
Type ansettelse
Vikariat, deltid 80%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 23. oktober
Vår dyktige spesialkonsulent skal ut i permisjon, me søker derfor etter ein vikar i 80% stilling frå 1. desember 2025 til 25. oktober 2026. Som spesialkonsulent i oppvekst vil du få ansvar for spennande administrative oppgåver innafor analyse, utarbeiding av rapportar, journalføring, bestillingar og kontrollfunksjon innafor eige fagfelt. På Rådhuset vil du få kjekke kollegaer å samarbeida med.
Kva får du jobba med hos oss?- Utarbeida rapportar og analyser, trekke konklusjonar og fremme løysingsforslag.
- Ansvar og sakshandsaming innafor delegerte rammer.
- Kontrollfunksjon innafor eige fagfelt.
- Rettleiing av leiarar og andre tilsette innafor det aktuelle fagområdet.
- Bidra i implementeringa av nye system og vera ein superbrukar.
- Scanning.
- Fakturering/refusjonar.
- Lønn/timelister.
- Oppfølging attestering av arbeidsavtalar/permisjonar/feriar.
- Oppfølging og bistå einingsleiarar med økonomi og budsjett.
- Andre oppgåver kan og tilfalle.
- Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
- Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
- Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
- Kjekke tilsettgoder som blant anna gratis parkering og rabatt på treningssenter.
- Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
- Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
- Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk
- Relevant 3- årig høgskule/universitetsgrad. Relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet, stillinga vil da vera konsulent.
- Gode digitale ferdigheter.
- Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftsspråket i kommunen er nynorsk.
- God til å samarbeida.
- God til å arbeida sjølvstendig.
- Godt humør som bidreg positivt inn i arbeidsmiljøet.
- Ønsker å lære nye ting og å tilføre organisasjonen kunnskap.
- Serviceinnstilt.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Andre opplysningar:- Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
- Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for tuberkulinstatus, før tiltredelse.
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
5bc8bff5-8fd1-40a5-9bfc-6e586e52e82e
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3549633_229709_nn