Helsesekretær/Sekretær
KREFTBEHANDLING OG PALLIASJON SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Opdølvegen 4, 6450 Hjelset, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Helsesekretær/Sekretær
Oppstart
1. januar 2026
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest søndag 12. oktober
Vil du vere ein del av eit engasjert og fagleg sterkt team som arbeidar med kreftbehandling? Seksjon kreftbehandling og palliasjon, SNR, søker etter ein dyktig og serviceinnstilt helsesekretær/ sekretær som ønsker å bidra til god pasientbehandling og eit trygt behandlingsmiljø. Vi har ledig 2 x 100 % faste stillingar. Ved interne omrokkeringar kan andre stillingsprosentar bli ledig. Utlysninga gjeld også moglegheit for deltidsstilling.
Seksjonen har drift ved to lokasjonar: SNR Hjelset og Kristiansund. Helsesekretærane/ Sekretærane har ansvar for det administrative rundt pasientbehandlinga ved kreftpoliklinikkane på begge lokasjonane. Du får opplæring i oppgåver knytt til begge stadane, og det er forventa ein viss fleksibilitet når det gjeld oppmøtestad ved fråver og ferieavvikling. Seksjonen har tradisjon for å vere fleksibel med omsyn til arbeidstid og bruk av heimekontor når det er føremålstenleg.
Vi tilbyr eit hektisk, men godt arbeidsmiljø. Her blir du verdsett og tatt vare på, og du vil vere ein del av eit miljø samansett av ulike profesjonar.
Eg ser fram til å få søknaden din – og forhåpentlegvis blir DU ein del av vårt fantastiske team!
Arbeidsoppgåver
- overordna grad av service, kommunikasjon, formidling, koordinering og øvrig merkantilt arbeid
- støtte og tilrettelegge for pasientar, pårørande og pasientbehandlarar
- delta i seksjonen sine daglege arbeidsoppgåver i poliklinikk/sengepost (eks: telefon, post, luke, handtering av ventelister, dokumentasjon og rapportering)
- arbeide etter Helse Møre og Romsdal sine verdiar: Kvalitet – Tryggleik – Respekt
Kvalifikasjonar
- Utdanning/autorisasjon som helsesekretær/sekretær
- Må beherske norsk skriftleg og munnleg
- Gode datakunnskapar
- Fordel med kjennskap til Helseplattformen
- Relevant erfaring
- Kjennskap til prosedyrearbeid og kvalitetssystem (EQS etc.)
- Personleg eignaheit vert vektlagd
Personlege eigenskapar
- Du er serviceinnstilt til pasientar, pårørande og kollega
- Du er engasjert, fleksibel og har godt humør
- Du trivast i eit hektisk miljø
- Du er innovativ, nysgjerrig, initiativrik og endringsvilleg
- Du må kunne samarbeide på tvers av faggrupper
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her.Kontaktinformasjon
Ragnhild Bjerkås, Seksjonsleiar, 90594358, Ragnhild.Bjerkas@helse-mr.noArbeidsstad
Opdølvegen 46450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5013074387
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.01.2026
Søknadsfrist: 12.10.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
5bad33f4-c26e-4b67-b6de-e2e2a8284a53
- Hentet fra
talentech
- Referanse
a2ee5ec2dc3641e7970df3f84fef8ef8