Vil du vere med å bygge framtidas ventilasjonsfirma?
Went Air Solutions AS
Sæ 14, 5417 Stord
Om jobben
Stillingstittel
Prosjekt- og serviceingeniør
Type ansettelse
Fast, deltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hybridkontor
Søk på jobben
Søk snarest mulig
Hos Went Air Solutions handlar jobben ikkje berre om ventilasjon. Som tekniker og ingeniør hos oss, handlar det om å forstå korleis alt heng saman -- luft, varme, kjøling, energi og menneske. Me ser etter ein som vil vere med og forme eit firma som gjer ting på sin eigen måte. Der fagkunnskap tel, men engasjement og ansvar tel minst like mykje.
Du kjem til å jobbe med prosjekt, service, drift og akutt vedlikehald, men òg med planlegging, rehabilitering og igangkøyring av nye anlegg. Nokre dagar er du ute i felt og får ting til å fungere. Andre dagar sit du og finn betre løysingar for kundar som ønskjer å redusere energibruk og få betre inneklima.
Kva du faktisk gjer, kjem heilt an på kven du er. Om du har fagbrev eller ingeniørutdannelse. Har du bakgrunn frå automasjon, VVS, røyr, varme eller kjøleanlegg, er det ein stor fordel. Me treng folk som forstår heilskapen -- korleis alt påverkar kvarandre, og korleis små grep gjer store forskjellar. Rette person kan forme si eiga rolle: vil du jobbe mest praktisk, eller kombinere feltarbeid med prosjektering og leiing?
Me har kontor på Vikjo, midt i Stord sentrum, men prosjekta våre kan være over heile landet. Arbeidsdagen er fleksibel -- me trur ikkje på ein stiv 37,5-timarsveke så lenge ting blir gjort, og gjort skikkeleg. Me trur på tillit, ansvar og utvikling. Du får den fridomen du fortener, og bonus når resultata kjem.
Me vil høyre frå deg som kjenner deg igjen i dette. Send eit enkelt hei til hei@went.no , så tek me ein prat. Kanskje er du den som hjelper oss å bygge framtidas ventilasjonsfirma -- bit for bit, prosjekt for prosjekt.
For den rette kandidaten kan kontorplass vurderast både i Bergen og andre stadar på Vestlandet.Om bedriften
"Went Gruppen" kombinerar prosjektering, rådgiving, service og utvikling av energieffektive løysingar for næringsbygg og industri.
- Kontoret vårt ligg på Stord, men me jobbar der lufta treng oss -- frå planlegging til ferdig igangkjørte anlegg.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
5b7175a7-3be9-4b9f-ab48-3b912b422198
- Hentet fra
FINN
- Referanse
431747719
Lignende annonser
Ventilasjonsmontør
Arbeidsgiver
Skuteviken Personell As
Sted
Askøy, Bergen, Bjørnafjorden, Vestland, Øygarden
Kulde- og varmepumpemontør
Arbeidsgiver
Berge Energi Service As/ Ekon.as
Sted
Laksevåg, Bergen
Tekniker for rengjøring av luftkanaler
Arbeidsgiver
Ventilasjonsspesialisten As
Sted
Akershus, Buskerud, Oslo, Stavanger, Trondheim, Vestfold, Bergen