ID 979 Driftsoperatør, byggdrift. 100% fast stilling
Fitjar Kommune Samfunnsutvikling og drift
Fitjar, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Driftsoperatør
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, kveld og natt, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Etaten Samfunnsutvikling og drift i Fitjar kommune har ansvar for drift og vedlikehald av den kommunale eigedomsmassen, veganlegg, kaier, bruer og grøntanlegg. Me har ledige stillingar som hovudsakeleg er knytt til byggdrift.
I stillinga vil du jobba på alle dei kommunale eigedomane. Dette er m.a. både skuler, barnehage, helsebygg og kontorbygg.
Arbeidsoppgåver vil blant anna vera-
Drift og vedlikehald av dei kommunale bygga
-
Optimalisera drifta av dei tekniske anlegga
-
Drift og vedlikehald av uteareal og veganlegg ved behov
-
Utlevering av hjelpemidlar
Me ser etter nokon som er serviceinnstilt, løysingsorientert og som liker ein jobb med stor spennvidde. Me vil prøva å tilpassa arbeidsoppgåvene noko etter utdanning og interesse.
Du vil og inngå som ein del av teknisk vakt. Vaktordninga er fordelt på dei tilsette på driftsavdelinga og VA-avdelinga og inneber roterande vekesvakt (inkludert helg) knytt til bygg og vassverk.
Kvalifikasjonar-
Fagbrev innan eitt eller fleire av dei aktuelle fagområda, td. elektro, tømring, røyrleggjar, byggdrift, automasjon eller liknande. Lang relevant erfaring vil i visse tilfelle kunna kompensera for manglande utdanning.
-
Erfaring med bygg- og anleggsforvaltning er ynskjeleg.
-
Erfaring med styringssystem knytt til tekniske anlegg og FDV
-
Gode datakunnskapar og interesse for digitalisering
-
Interesse, vilje og evne til å læra deg dei delane av jobben som du eventuelt ikkje har kjennskap til frå tidlegare.
-
Evne til å arbeida sjølvstendig.
-
Førarkort klasse B. Klasse BE er ein føremon.
-
Spanande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innanfor eit viktig samfunnsområde
-
Godt arbeidsmiljø med engasjerte medarbeidarar
-
God offentleg pensjonsordning
-
Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA -verksemd)
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, lyt søkjar spesifisera og grunngje det i søknaden. Opplysningar om søkjaren kan verta gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å verta ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til fylgje, skal søkjaren varslast om dette.
Om bedriften
Denne stillinga er ein del av teknisk avdeling
Teknisk avdeling er ei eigen eining og har følgjande hovudoppgåver: Kommunale bygg, kommunale vegar, reinhald avløpsanlegg, vassforsyning, planarbeid, utbggingsprosjekt og driftsoperatørteneste. Det arbeider 9 personar på teknisk, reinhaldarar kjem i tillegg.
Utestasjonen i Årskog
Driftsbygning til vatn, avlaup og vaktmeistrar ligg på Årskog industriområde, like ved Fv 545.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2848412
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
5aca7723-f4fd-4b06-a1ec-d9adfa0b8484