Sjukepleiar/vernepleiar/sosionom
TSB poliklinikk, avdeling for rus og avhengighet
Asaldalvegen 1, 4250 Kopervik
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar/vernepleiar/sosionom
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 22. september
Hos oss i TSB poliklinikk møter du menneske som står i krevjande livssituasjonar knytt til rus og avhengigheit. Vi treng deg som vil bidra med tryggleik, kompetanse og engasjement – og som ønskjer å vere med å styrke behandlingstilbodet vårt.
TSB poliklinikken gir tverrfaglig spesialisert rusbehandling til vaksne, og er ein enhet i den nyoppretta avdeling for rus og avhengighet (ARA) i klinikk for psykisk helsevern og rus. Teamet vårt er tverrfagleg, med lege, psykologspesialist, sjukepleiarar og sosionomar – som saman med pasienten skaper ein trygg og profesjonell behandlingsarena. Poliklinikken i held til både på Haugesund sjukehus og ved DPS i Kopervik.
👉Send søknaden din idag – vi ser fram til å bli kjent med deg!
Kva går jobben ut på?
- Behandling og oppfølging av pasientar med rusmiddelavhengighet.
- Utgreie og søke inn pasientar til relevant institusjonsbehandling.
- Delta aktivt i tverrfaglege møter og samarbeid.
- Veiledning og støtte til pasientar og pårørande.
- Dokumentasjon av behandlingsintervensjonar og samarbeid gjennom journalføring og rapportering.
Kva kompetanse treng du?
- Autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar eller sosionom.
- Erfaring frå arbeid innan rusfeltet er ønskjeleg.
- Gode IT kunnskaper.
- Førerkort for bil.
- Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkjarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden. Ved tilsetjing av allereie fast tilsett i føretaket kan ein unntaksvis, i særlege tilfelle, fråvika kravet om bestått norsktest på B2-nivå
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som:
- trivst med å jobbe både sjølvstendig og i team
- er strukturert og held oversikt
- dokumenterer arbeidet ditt på ein ryddig måte
- har engasjement for rus- og avhengigheitsbehandling
- samarbeider godt på tvers av fag og yrkesgrupper
Kvifor velje oss?
- Eit inkluderande arbeidsmiljø der vi støttar og lærer av kvarandre
- Fleksitid og moglegheit for å påverke kvardagen din
For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Janne Elise Tangjerd Lyngstad, Avdelingsleiar, Avdeling for rus og avhengighet, 922 53 306, janne.elise.tangjerd.lyngstad@helse-fonna.noArbeidsstad
Asaldalvegen 14250 KOPERVIK
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5012581417
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 22.09.2025
Kontaktperson for stillingen
Janne Elise Tangjerd Lyngstad
Avdelingsleiar, Avdeling for rus og avhengighet
922 53 306
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
5a70de78-6d51-480d-9f14-bfab4a22b6f5
- Hentet fra
talentech
- Referanse
d1141dfa405e4c2ab213d086a3db0910