Avdelingsleiar 100% fast stilling Skrenten bu- og treningsbustad
Alver kommune
Skrenten 64,, 5955 Lindås
Om jobben
- Stillingstittel
- Avdelingsleiar 100% - Skrenten bu- og treningsbustad
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 6. desember
Om stillinga
Ved Skrenten bu- og treningsbustad har vi ledig 100 % fast stilling som avdelingsleiar. Vi ser etter deg som ønskjer ei leiarrolle med ansvar for fag, personale og dagleg drift, og som vil vere med å vidareutvikle eit tilrettelagt tilbod til born og unge med samansette behov.
Om oss og eininga
Alver kommune tilbyr avlastning for familiar med særleg tyngande omsorgsoppgåver, der born og unge har psykiske eller fysiske funksjonsnedsetjingar. Avlastninga kan skje både i heimen og på institusjon, og vert tilpasse individuelt etter behov og ønske frå familien.
Avlastningsbustadene er ein del av kommunens habiliteringstilbod, og gjev born og unge eit trygt og tilrettelagt miljø med aktivitetar og omsorg. Tenestene krev stabile og trygge vaksne som kan møte borna med forståing og ro. Målet er å gje både born og familiar eit pusterom i kvardagen - og bidra til betre livskvalitet for alle involverte.
Skrenten bu- og treningsbustad ligg idyllisk til på Lindås, med leilegheiter og fellesareal som gjer det mogleg å kombinere individuell butrening med sosialt fellesskap. Me jobbar tett på tenestemottakarane for å styrke ADL-ferdigheiter, sosial kompetanse, kommunikasjon (inkludert ASK), fysisk og psykisk helse, samt bruk av velferdsteknologi. Målet er å fremje livskvalitet gjennom mest mogleg sjølvstende.
Stillinga omfattar òg systematisk kartlegging av brukarane sine behov og sette mål ut frå dei kartlegginga. Det er max 5 tenestemottakarar som kan væra inne om gongen, med ca. 16 årsverk.
Arbeidsoppgåver
- ha heilskapleg ansvar for personal leiing, inkludert rekruttering, oppfølging, kompetanseutvikling og turnus- og ressursplanlegging
- ha ansvar for HMS-arbeid, internkontroll og oppfølging av gjeldande rutinar og prosedyrar
- følgje opp budsjettet for avdelinga og bidra til god økonomistyring
- sikre fagleg kvalitet og forsvarlege tenester innanfor gitte økonomiske rammer
- bidra til å utvikle ein kultur prega av høg fagkompetanse, refleksjon, samarbeid og læring
- gjere faglege vurderingar og ta avgjerder i akutte og krevjande situasjonar på ein trygg og profesjonell måte
- få delegert enkelte økonomiske oppgåver frå einingsleiar
- samarbeide med einingsleiar, andre avdelingsleiarar, tilsette, pårørande og samarbeidspartnarar
Kvalifikasjonar
Vi søkjer primært etter deg som har norsk autorisasjon som sjukepleiar. Søkjarar med anna relevant helse- eller sosialfagleg utdanning på minimum bachelornivå kan òg bli vurderte.
I tillegg må du ha:- relevant leiarerfaring med personaloppfølging
- god digital kompetanse
- gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg, minimum tilsvarande nivå B2
- førarkort klasse B
- erfaring med turnus- og ressursplanlegging
- erfaring frå arbeid med born og unge, habilitering eller avlasting
- kjennskap til målretta miljøarbeid, kartlegging og faglege tiltak
- kjennskap til dokumentasjon, kvalitetssikring og relevant regelverk, mellom anna kapittel 9
- erfaring med tverrfagleg samarbeid og endringsarbeid
- forståing for drift og økonomi i kommunale tenester
Kven er du?
Du har eit genuint ønskje om å leie andre og trivst med ansvar for fag, kvalitet, tilsette og økonomi.
Du er trygg i relasjonar og tek ansvar og avgjerder på ein roleg, etterretteleg og modig måte – også når situasjonane er krevjande.
Du kommuniserer klart og gir og etterspør konstruktive tilbakemeldingar. Du har mot til både å stille krav, setje grenser og gi støtte. Du byggjer tillit og eit godt arbeidsmiljø, motiverer og rettleier kollegaer, og tek aktiv del i kulturbygging.
Du har høg etisk bevisstheit, held profesjonelle standardar og arbeider strukturert, målretta og samstundes fleksibelt og løysingsorientert.
Du ser moglegheiter, prioriterer klokt, skaper framdrift og samarbeider godt på tvers.
Dei personlege eigenskapane ovanfor vil bli lagde stor vekt på.
Me tilbyr
- ei leiarstilling i ei teneste under utvikling
- samarbeid med erfarne kollegaer og tett oppfølging frå einingsleiar
- moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- leiaropplæring og støtte i leiarrolla
- allsidig og lærerikt arbeidsmiljø
- løn etter avtale
- pensjonsordning i KLP/Storebrand
- gratis parkering
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede
Me er ein organisasjon i læring!
Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. I Habiliteringstenesta arbeider me med vår digitale kompetanse, og nyttar teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke.
Me er Alver
Me får vere der frå aller fyrste stund, og me får følgje deg gjennom livet!
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=AlverkommuneKontaktperson for stillingen
Om bedriften
Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar!
Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har me eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.
Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Me er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.
Me verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Me legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.
Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der me søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Me ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
5a0d66e9-6688-4b4a-9d91-decc06892292
- Sist endret
24. november 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10317202