Hopp til innhold

Barnehagelærar i Strandebarm 

Arbeidsgiver

Oppvekst

Sted

Tangeråshagen 12, 5630 Strandebarm

Om jobben

Stillingstittel
Barnehagelærarar
Type ansettelse
Vikariat, deltid 90%
Arbeidstid
Dagtid
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest søndag 25. oktober

Brenn du for å skapa gode oppvekstvilkår for barn? Som barnehagelærar hos oss får du vera med på å utvikla eit trygt, inkluderande og læringsrikt miljø der kvart barn får høve til å veksa, meistra og trivast.

Strandebarm barnehage har ledig 90% stilling som barnehagelærar frå 01.01.27 - 05.07.27

 

Vil du vite meir om dei kommunale barnehagane, les her: https://www.kvam.no/tenester/barn-ungdom-og-familie/barnehage/barnehagar-i-kvam/


Arbeidsoppgåver

  • Visa omsorg, ta ansvar og sjå barna sine styrkar og behov
  • Støtta opp under kvart barn si utvikling og gje dei tid og ro, samtalar og leik
  • Gje barna oppleving av meistring og gleda av å nå mål
  • Skapa ein god barnehagekvardag for alle
  • Ansvar for planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og vurdering av det pedagogiske og praktiske arbeidet på avdelinga
  • Leggja til rette for ein variert kvardag, der barna sine opplevingar er i fokus i tråd med rammeplan for barnehagar
  • Rettleia, involvera og motivera 
  • Bidra til eit godt samarbeid med føresette og andre samarbeidspartar
  • Delta i leiarteam ved behov
  • Bidra til pedagogisk utvikling 
  • Tett samarbeid med spesialpedagog i barnehagen

Kvalifikasjonar

  • Godkjent høgskuleutdanning som barnehagelærar, eller anna treårig pedagogisk utdanning på høgskulenivå med vidareutdanning i barnehagepedaogogikk
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
  • Jf. barnehagelova må personar med utanlandske yrkeskvalifikasjonar dokumentera norskferdigheiter


Ved nytilsetjing skal den tilsette levera politiattest utan merknader, etter Barnehagelova. Attesten skal ikkje leggjast ved søknaden. Tilsetjing føreset at gyldig attest vert lagd fram før tiltreding. Politiattesten må ikkje vera eldre enn 3 månadar. 

Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter.

Personlege eigenskapar

  • Ha eit positivt barnesyn
  • Vera profesjonell og visa fagleg engasjement og interesse
  • Visa endringsvilje og vera løysingsorientert
  • Samarbeida godt med andre
  • Gode kommunikasjonsevner

Me tilbyr

  • Ved funksjon som pedagogisk leiar vert det gjeve eit årleg tillegg på kr. 40.000,- i full stilling (forhaldsmessig ved deltid)
  • Kvalifiserte rettleiarar står for rettleiing til nyutdanna dei to fyrste åra
  • Moglegheit for støtte til relevant vidareutdanning 
  • Me arbeider for kjernetid for pedagogiske leiarar i alle barnehagar
  • Arbeidskle
  • Godt og fagleg arbeidsmiljø
  • Varierte arbeidsdagar
  • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
  • Gode pensjons-/og forsikringsordningar
 Generell informasjon:
  • Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssak
  • I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta
  • Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.

Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

Kontaktinformasjon

Marit Linga, Styrar Strandebarm barnehage, 94178356
Ingunn Mo, Leiar for barnehage, +47 997 38 755

Arbeidsstad

Tangeråshagen 12
5630 Strandebarm

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kvam herad

Referansenr.: 5188311889
Stillingsprosent: 90%
Vikar
Søknadsfrist: 25.10.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Ingunn Mo

Leiar for barnehage

+47 997 38 755

Marit Linga

Styrar Strandebarm barnehage

94178356

Om bedriften

Oppdag Kvam - framtida er her!
Med sine 8500 innbyggjarar ligg Kvam vakkert plassert i hjarta av Hardanger og ved Hardangerfjorden, berre ein times køyretur frå Bergen. Her møter du ein natur som inviterer til aktiv fritid både sommar og vinter. Kvam, heimkommunen til nobelprisvinnar Jon Fosse, byr på eit rikt kultur- og organisasjonsliv med festivalar for ein kvar smak.

Naturopplevingar og aktivitetar
Ved fjorden finn du idylliske badestrender midt i sentrum av både Norheimsund og Øystese. For deg med lidenskap for langrenn eller toppturar, tilbyr Sjusete skisenter og fjellområdet Kvamskogen fantastiske skiforhold.

Ein kommune for framtida
Me har eit godt utbygd skuletilbod med to vidaregåande skular. Kvam vidaregåande skule og kulturhus opna i januar 2026 og ligg i Norheimsund sentrum. Skulen har fagtilbod innan yrkesfag og studiespesialiserande linjer. I samme bygg finn du vaksenopplæringa, Kvam kino, folkebibliotek og skulebibliotek. 

Eit variert næringsliv
Næringslivet i Kvam er mangfaldig og inkluderer m.a. handel- og reiselivsnæring, lokal matproduksjon, jordbruk og industri. Dette gir mange moglegheiter for både jobb og fritid. 

Opplev det beste av natur, kultur og samfunn i Kvam - i hjarta av Hardanger! Les meir

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

59d8b5c9-9694-4adc-a571-884728f82685

Sist endret

6. oktober 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

e879e509f3df49c8ba97a44e1abdd0ae

Lignende annonser

Laster lignende annonser