Hopp til innhold

Fysioterapeut 100% fast stilling

Arbeidsgiver

Hardangerbadet As

Sted

Hardangerfjordvegen 615, 5610 Øystese

Om jobben

Hardangerbadet søkjer ein framoverlent og engasjert fysioterapeut i 100 % fast stilling.

Hos oss får du ein variert arbeidskvardag der du kan kombinere individuell behandling med trening og aktivitet – både i basseng, treningssal og treningsrom.

Oppstart
Etter avtale
Stillingstittel
Fysioterapeut
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus, dagtid og kveld, ukedager

Søk på jobben

Søk senest søndag 18. oktober

Alternativt kan du sende søknad via e-post til natalie@hardangerbadet.no

Hva vi ser etter

Vi ønskjer oss ein fysioterapeut som:
  • Er autorisert fysioterapeut

  • Er framoverlent, initiativrik og løysingsorientert

  • Tek ansvar og arbeider sjølvstendig

  • Er trygg i møte med ulike menneske og aldersgrupper

  • Likar å vere aktiv og bidra i eit miljø med mykje aktivitet

  • Har interesse for trening, førebygging og rehabilitering

  • Ser moglegheiter og ønskjer å utvikle nye tilbod

  • Er fleksibel og trivst med ein variert arbeidskvardag

  • Har gode samarbeidsevner og bidreg positivt til arbeidsmiljøet

Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, engasjement og vilje til å utvikle seg.

Ein arbeidsplass med mange moglegheiter

Hardangerbadet er meir enn eit tradisjonelt fysioterapimiljø. Her får du tilgang til eit allsidig anlegg med mellom anna basseng, treningsfasilitetar og ulike aktivitetstilbod.

Dette gir gode moglegheiter for å kombinere fysioterapi med trening, rehabilitering og førebyggjande arbeid -- og til å utvikle tilbod som møter behova til både barn, ungdom, vaksne og eldre.

Vi ønskjer ikkje berre ein fysioterapeut som kjem inn i ei ferdig stilling. Vi ønskjer ein person som har lyst til å vere med og forme stillinga og utvikle fysioterapitilbodet ved Hardangerbadet vidare.

Har du ein idé til eit nytt treningstilbod? Ser du eit behov hos brukarane våre? Då ønskjer vi at du tek initiativ og er med på å gjere ideane til verkelegheit.

Arbeidsoppgaver

Som fysioterapeut ved Hardangerbadet vil du mellom anna arbeide med:

  • Treningsgrupper i basseng

  • Babysymjing og symjeopplæring for born

  • Treningsgrupper i treningssal

  • Rettleiing og oppfølging i treningsrom

  • Individuell fysioterapibehandling

  • Kartlegging, rettleiing og oppfølging av brukarar

  • Bidra til å utvikle nye og eksisterande tilbod

Det er svært positivt om du har interesse for, eller ønskjer å arbeide med, symjeopplæring for born.

Hardangerbadet har gode moglegheiter for dette, og vi tilbyr nødvendig opplæring og kurs innan babysymjing og symjeopplæring for born.

Vi tilbyr

Vi tilbyr

  • 100 % fast stilling

  • Ein variert og aktiv arbeidskvardag

  • Moglegheit til å påverke og vidareutvikle fysioterapitilbodet

  • Moglegheit for å arbeide med både individuell behandling og gruppeaktivitetar

  • Opplæring og kurs innan babysymjing og symjeopplæring for born

  • Eit godt arbeidsmiljø

  • Arbeid i eit moderne og allsidig helse- og aktivitetstilbod

  • Moglegheit til å utvikle eigne faglege interesseområde

Kontaktperson for stillingen

Natalie Nisamjan

Dagleg leiar

98895013

natalie@hardangerbadet.no

Om bedriften

Hardangerbadet er eit moderne og allsidig bade- og treningsanlegg i Hardanger, med tilbod for både små og store. Anlegget har fleire basseng, stupetårn, vassklie, badstove, treningsrom, kafé og butikk. Me tilbyr aktivitetar og opplevingar for både mosjonistar, familiar og dei som treng tilrettelagd trening og rehabilitering. Hardangerbadet er ein viktig møteplass for aktivitet, helse og trivsel i regionen.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

59a02e9a-6cc1-453a-9928-28c73b5f711e

Sist endret

13. oktober 2026

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

59a02e9a-6cc1-453a-9928-28c73b5f711e

Lignende annonser

Laster lignende annonser