Vil du vere med og servere matglede?
Matforsyning Haugesund Sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Matvert
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
8
Søk på jobben
Søk senest lørdag 1. november
Har du lyst til å jobbe i Helse Fonna si matforsyningsteneste?
Som matvert blir du ein del av eit flott team som serverer måltid til pasientar, tilsette og besøkande på sjukehuset. Her lagar vi rundt 100 000 porsjonar i året – med stoltheit og respekt for råvarene og for menneska vi lagar maten til.
Helse Fonna prioriterar pasientane først, og me vektlegg arbeidet med ernæring og diettar samt god næringsmiddelhygiene, kvalitetssikring og god kundeservice.
Stillinga er 100 % og inneheld arbeid kvar tredje helg.
Oppstart etter avtale.
Kva går jobben ut på?
- Servera god og næringsrett mat til pasientar og kantinegjester
- Matservering: Forberedelse og gjennomføring av buffetservering og brettservering av 5 måltid pr dag, frå pasientkantinene
- Rydding og oppvask i pasientkantiner eller produksjonskjøkken
- Dagleg bruk av Helse-Fonnas IK-Mat og HACCP system
- Kontakt med pasientar i samband med måltid
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Matfaglege fagbrev som ernæringskokk (Institusjonskokk) eller kokk er ønskeleg
- Erfaring frå storkjøkken, hotell, sjukehus eller helseinstitusjonar er ønskeleg
- Grunnleggande IKT-kompetanse og erfaring i bruk av elektroniske hjelpemiddel, er nødvendig i jobben på sjukehuset
- Det krevs gode norskkunnskaper, munnleg og skriftleg, slik at ein kan lesa, forstå, skriva og snakka norsk dagleg språk
Søkjarar med anna morsmål enn norsk, dansk eller svensk, må kunna dokumentera bestått eksamen, frå minimum Trinn B1, innan samfunnsfag og norsk skriftleg og munnleg
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- er ein lagspelar, men òg trygg på eigne vurderingar
- held høg standard på det du leverer – og stiller krav til deg sjølv
- er førebudd på fysiske utfordringar som krev mykje gåing
- er sjølvstendig
- tilpassar deg nye arbeidsmåtar og oppgåver
Me søkjer deg som har grunnleggjande serviceinnstilling og kan visa ein god kundebehandling, med vekt på kvalitet og effektivitet.
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø og eit systematisk og integrert HMS-arbeid. Vårt mål er og å levera rett kvalitet på alle våre tenester og produkt.
- Spannande og lærerike arbeidsoppgåver innan matforsyning i sjukehus.
- Konkurransedyktig pensjonsordning i KLP - som er ein av Norges beste pensjonsavtalar. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring fylgjer og tilsetjinga.
For å kunne vurdere førerett til stillingen, må søkjar gi dette til kjenne i søknaden
Kontaktinformasjon
Bjarte Halleraker, AvdelingsleiarArbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5011347414
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.11.2025
Kontaktperson for stillingen
Bjarte Halleraker
Avdelingsleiar
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
59829988-a005-4ce5-b79f-6b3d52948539
- Hentet fra
talentech
- Referanse
25587a95fb9a4594bdfd1ac22ac0ecf6