Hopp til innhold

Pedagogisk-psykologisk rådgivar

Arbeidsgiver

Klepp kommune, PPT

Sted

Orrevegen 304, 4352 Kleppe

Om jobben

Stillingstittel
PP-rådgivar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
2
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest mandag 16. november

Vil du vera med og skapa eit inkluderande fellesskap der barn og unge opplever meistring, trivsel og læring?

Klepp PPT søkjer ein engasjert og fagleg sterk pedagogisk-psykologisk rådgivar som ønskjer å gjera ein forskjell for barn og unge i barnehage og skule.
Vi er eit kompetent og utviklingsorientert fagmiljø som arbeider tett saman med barnehagar, skular, føresette og andre samarbeidspartnarar. Klepp PPT har eit særleg fokus på førebyggjande arbeid, tidleg innsats og inkluderande praksis. Vi arbeider både systemretta og individretta for å styrkja laget rundt barnet og bidra til gode oppvekst- og læringsmiljø.

PPT held til i gode lokale på Horpestad. Vi har eit fagleg positivt, støttande og kollegialt arbeidsmiljø. Eininga har ei god blanding av tilsette med spesialiserte utdanningar. Vi søker etter ein engasjert, kunnskapsrik og endringskompetent PP- rådgivar til å supplere laget vårt.  

Vi har ledig: 

  • 100 % fast stilling som PP-rådgivar frå 01.02.27. 
  • 60 % vikariat som PP-rådgivar frå 01.12.26 - 30.06.27 med moglegheit for utviding.
  • Kontaktinformasjon: Grethe Barane, leiar Klepp PPT, telefon 916 88657

Arbeidsoppgåver

  • System- og individretta arbeid i samsvar med mål for tenesta  
  • Førebyggjande og tverrfagleg samarbeid i Klepp kommune 
  • Rettleiing og rådgjeving til barnehagar og skular  
  • Observasjon og kartlegging av barn/elevar  
  • Samarbeid med føresette, barnehagar, skular og andre samarbeidspartnarar
  • Kompetanse- og organisasjonsutvikling for å leggje opplæringa betre til rette for barn og elevar
  • Aktiv deltaking i utviklinga av PPT og fagmiljøet
  • Sikre elevens medverknad i saker PPT er involvert i
  • Sakkunnig arbeid etter barnehage og opplæringslova  
  • Samarbeide med, og støtte barnehagar og skular i, det førebyggjande arbeidet med å gi eit inkluderande opplæringstilbod til barn og elevar som kan ha behov for tilrettelegging av opplæringa.

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer deg som har:
  • Mastergrad eller profesjonsutdanning innan pedagogikk, spesialpedagogikk, logopedi eller psykologi
  • Kjennskap til gjeldande lovverk og sakkunnig arbeid
  • God forståing for barnehage og skule som system
  • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
  • God digital kompetanse
  • Erfaring frå PPT og systemretta arbeid er ein fordel.
  • Relevant test-kompetanse og rettleiingskompetanse  
  • God norsk språkføring, både munnleg og skriftleg  
  • For søkarar med anna utdanning enn norsk, krevst det språkkunnskapar tilsvarande nivå B2
  • PP-tenesta er i utvikling og endring, og vi vektlegg at søkar er fleksibel i forhold til endring av tenesta.  
  • Søkjar må ha sertifikat klasse B og disponera eigen bil.    
  • Kopi av attestar og vitnemål leggjast ved søknad.
  • Det må leggjast fram politiattest før oppstart i stilling  

Personlege eigenskapar

  • Vi ønskjer ein kollega som:
  • Er fagleg engasjert og utviklingsorientert
  • Har god system- og rolleforståing
  • Bidreg positivt til arbeidsmiljøet
  • Er trygg, tydeleg og raus i møte med andre
  • At ein dekkjer sentrale oppgåver for PP-tenesta  
  • At ein kan skape gode relasjonar til barn, føresette og fagpersonar  
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og evne til fleksibilitet  
  • Evne til å motivere og arbeide målretta, strukturert, løysingsorientert og effektivt  
  • At ein må kunne arbeide i team, og samstundes vere sjølvstendig og målretta   
  • Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt.

Vi tilbyr

  • Eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse og engasjerte kollegaer
  • Varierte arbeidsoppgåver og gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Fleksitid avtale 
  • Løn etter gjeldande avtaleverk
  • Samarbeid i team og tverrfaglege miljø  
  • Konkurransedyktig løn, forsikringsordningar og pensjonsordning i KLP, samt tillegg for disponering av eigen bil i tenesta 

Kontaktinformasjon

Grethe Løvås Barane, leiar, +47 91688657

Arbeidsstad

Orrevegen 304
4352 Horpestad

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Klepp kommune

Referansenr.: 5203115732
Stillingsprosent: 100, 60%
Fast, Vikar
Søknadsfrist: 16.11.2026

Kontaktperson for stillingen

Grethe Løvås Barane

leiar

+47 91688657

Om bedriften

Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800  tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.

Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.

Visjonen vår er «Med blikk for alle».  Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.

Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

59517374-18e3-4596-84a9-6d4552f78e82

Sist endret

3. november 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

f8a2be3364544a54b23de1c781836cdb

Lignende annonser

Laster lignende annonser