Hopp til innhold

Miljøveileder med vernepleiekompetanse 

Arbeidsgiver

Fagarbeidar [Fagarbeidar], Møre og Romsdal fylkeskommune, Sykkylven vgs [sykkylven]

Sted

Kyrkjevegen 6, 6230 Sykkylven

Om jobben

Oppstart
1. januar 2027
Stillingstittel
6685 Miljøveileder med kompetanse i vernepleie
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 17. november

Sykkylven vidaregåande skule søkjer miljøveileder med vernepleiekompetanse i 100 % fast stilling frå 1. januar 2027.

Miljøveilederen skal vere ein del av elevtenesta og bidra til å sikre eit trygt, inkluderande og tilpassa opplæringstilbod for elevar med samansette behov. Stillinga skal styrkje skulen sin kompetanse innan miljøarbeid, åtferdsstøtte og habiliteringsfagleg arbeid, med særleg ansvar for oppfølging av elevar som har behov for tett og systematisk tilrettelegging.

Miljøveilederen skal arbeide både direkte med elevar og indirekte gjennom rettleiing av tilsette, samarbeid med føresette og koordinering med eksterne faginstansar. Stillinga skal vere sentral i utvikling og gjennomføring av tiltak etter prinsippa for Positiv åtferdsstøtte (PAS), og bidra til å styrkje det tverrfaglege arbeidet rundt elevane.


Arbeidsoppgåver

  • Oppfølging/opplæring av elevar med samansette behov og utfordrande åtferd.
  • Planlegging, gjennomføring og evaluering av tiltak etter PAS-prinsippa.
  • Rettleiing og støtte til lærarar, fagarbeidarar og andre tilsette.
  • Bidra til eit trygt og inkluderande læringsmiljø.
  • Samarbeid med føresette og eksterne samarbeidspartnarar
  • Delta i tverrfagleg samarbeid og utviklingsarbeid ved skulen.
  • Medverke til førebygging og handtering av utfordrande situasjonar.
  • Bidra til opplæring og kompetanseheving av personalet.

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som vernepleiar er ønskjeleg
  • Kompetanse innan eller erfaring frå arbeid med personar med utfordrande åtferd.
  • Erfaring med PAS, miljøterapeutisk arbeid eller habilitering er ønskjeleg.
  • God relasjonskompetanse og evne til å arbeide systematisk og tverrfagleg.
  • Gode samarbeidsevner og evne til å rettleie andre.
  • Spesialpedagogisk kompetanse innan autismespekter og ADHD er ønskjeleg

Personlege eigenskapar

Vi søkjer ein medarbeidar som er trygg, robust og løysingsorientert. Du må kunne byggje gode relasjonar, arbeide sjølvstendig og samstundes vere ein aktiv bidragsytar i teamarbeid. Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt.

Dette gir ei brei stillingsutlysing som både dekkjer behovet knytt til PAS og elevoppfølging, samstundes som stillinga kan nyttast fleksibelt ved framtidige behov ved skulen.

Vi tilbyr

Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver i eit framtidsretta fagområde
Tett samarbeid med PPT, kommune og spesialisthelsetenesten
Moglegheit for fagleg og pedagogisk utvikling

Offentleg pensjonsordning og gode forsikringsvilkår (medlemskap i SPK)
Løn etter gjeldande avtaleverk
 
Ver merksam på at det må leggast fram gyldig politiattest før tilsetting (jf. opplæringsforskriften § 12-15)

 

 

 

 

 

Kontaktinformasjon

Stig Gunnar Støylen, Ass rektor, 92217556
Barbro O. Midtgård, Rektor, +47 92619045

Arbeidsstad

Kyrkjevegen 6
6230 Sykkylven

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune

Referansenr.: 5204507314
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.01.2027
Søknadsfrist: 17.11.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Barbro O. Midtgård

Rektor

+47 92619045

Stig Gunnar Støylen

Ass rektor

92217556

Om bedriften

Blir du med å utviklar regionen saman med oss?

Sykkylven vidaregåande skule

Om skulen (sykkylven.vgs.no)

I hjartet av skapargledebygda finn vi Sykkylven vidaregåande skule. Her møter vi engasjerte og oppdaterte lærarar som legg til rette for god læring, trivsel og meistring. Med omlag 250 elevar er vi akkurat passe stor; liten nok til eit inkluderande fellesskap, men også stor nok til mangfald. Skulen har fleire varierte utdanningsprogram innan studiespesialisering, helse- og oppvekstfag, teknologi- og industrifag, samt elektro og datateknologi.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

58b494f2-f0dd-4e38-bb73-e85d7be18676

Sist endret

11. november 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

2ee64cd66d65459a98a4d97846a72eee

Lignende annonser

Laster lignende annonser