Hopp til innhold

Vi søkjer dagleg leiar og kundemottakar!

Arbeidsgiver

Automarin AS/Fure Mekaniske AS

Sted

Askvollvegen 412, 6980 Askvoll

Om jobben

Stillingstittel
Dagleg leiar / Kundemottakar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 15. november

Tek du rattet? Vi søkjer dagleg leiar og kundemottakar! Har du lidenskap for bil, leiing og kremmarånd? Er du i tillegg ei stjerne på kundeservice? Da er det akkurat deg vi leitar etter! Vi opplever stor pågang og søkjer no ein engasjert og synleg Dagleg leiar / Kundemottakar til våre to verkstader: Automarin AS i Askvoll og Fure Mekaniske AS på Fure. Vi er stolte av å vere frittståande bilverkstader i den landsdekkjande AutoMester-kjeda. I Askvoll driv vi også ein YX fullservice-bensinstasjon, noko som gjer kvardagen her ekstra livleg og variert.

Om rolla

I denne stillinga får du ein variert og spennande kvardag med mykje ansvar. Du har det overordna drifts-, økonomi- og personalansvaret for verkstadane og bensinstasjonen. Samtidig vil ein viktig del av kvardagen din vere å drifte kundemottaka både på Auomarin AS i Askvoll og Fure Mekaniske AS der du blir vårt ansikt utad. Du må pårekne noko reiseverksemd i mellom lokasjonane. Stillinga og lønnsvilkår vil bli vurdert ut frå dine kvalifikasjonar. Bakgrunn i økonomi/rekneskap og leiing kan være eit alternativ ved manglande kompetanse på bil, då vi kan utforme stillinga utifrå søkjarens kompetanse.

Sentrale arbeidsoppgåver
  • Overordna leiing: Budsjett-, resultat- og personalansvar for mekanikarane og dei tilsette på bensinstasjonen.
  • Kundemottak: Ta imot kundar, avdekke behov, registrere oppdrag og planlegge timebestillingar.
  • Driftsoptimalisering: Sørgje for god flyt, effektivitet og godt samarbeid mellom avdelingane.
  • Kvalitetssikring: Særleg fokus på at verkstadene følgjer gjeldande lover, HMS-krav og godkjenningsforskrifter.
Kven er du?
  • Du har relevant erfaring -- erfaring innan leiing eller økonomi er eit svært godt alternativ til rein bilteknisk bakgrunn.
  • Du har gjerne erfaring frå bilbransjen, verkstaddrift, kundemottak eller detaljhandel/bensinstasjon.
  • Du evner å motivere og leie flinke fagfolk på tvers av to lokasjonar.
  • Du er strukturert, har god økonomisk forståing og trivst med administrative oppgåver.
  • Du yt service som gjer at kundane føler seg ivaretekne og trygge.
  • Du har førarkort klasse B og disponerer eigen bil til køyring mellom avdelingane.
Vi tilbyr
  • Ei utfordrande og sjølvstendig leiarstilling med stor påverknadskraft.
  • Konkurransedyktige vilkår vurdert etter dine kvalifikasjonar, samt gode pensjonsordningar.
  • Eit uformelt, godt og framoverlent arbeidsmiljø.
  • Moderne verktøy og system gjennom AutoMester-kjeden.

Søknadsfrist: 15.11.2026 Arbeidsstad: Fure og Askvoll

Terje Bjaanes -- E-post: terje@automarin.no Telf. 91743635 Knut Kongsvik -- E-post: knut@delertilbil.no Telf: 99232398

Om bedriften

Vi er stolte av å vere frittståande bilverkstader i den landsdekkjande AutoMester-kjeda.

I Askvoll driv vi også ein YX fullservice-bensinstasjon, noko som gjer kvardagen her ekstra livleg og variert.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

58a2b93c-3c5e-494e-b677-8ff05a15e476

Sist endret

15. oktober 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

478290855

Lignende annonser

Laster lignende annonser