Hopp til innhold

Sjukepleiar - 100 % - Radøy Velferdssenter

Arbeidsgiver

Alver kommune

Sted

Idrettsvegen 2, 5936 Manger

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar - Radøy Velferdssenter, 100% fast
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
2
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest mandag 7. september

Om stillinga

Vi har ledig 100 % faste stillingar som sjukepleiar med todelt turnus.  Du har rom for å påverke arbeidstida di. Stillinga har som utgangspunkt arbeid kvar 3. helg, men du kan velje  langvakter kvar 4. I tillegg  er  det mogleg med langvaktsturnus i vekene.  Langvakter  er ei prøveordning som vi starta med for to år sidan, og som vi ser fram til å få fleire erfaringar med. 


Radøy Velferdssenter

Velferdssenteret er ein av fem sjukeheimar i Alver Kommune og ligg 2 mil frå Knarvik. Sjukeheimen har plass til 38 pasientar. Sjukeheimen er inndelt i fire grupper, der to av dei er tilpassa for personar med demens. Vi har ei korttidsgruppe med plass til sju pasientar, der tre av dei er for pasienter med behov for palliativ tilnærming. Den største gruppa har plass til 17 pasientar som er somatisk sjuk. Omsorgsbustad pluss på Manger er òg organisert under sjukeheimstenesta. Her er det 21 leiligheter og tre blir brukt til avlastning. I omsorgsbustad pluss bur brukar i eigen heim og mottar tenester ut frå hjelpebehovet. Sjukepleiar på Velferdssenteret har ansvar for desse bebuarane også.

Hos oss jobbar det mange ulike yrkesgruppar, til dømes lege, spesialsjukepleiarar, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og pleiemedhjelparar. Som sjukepleiar hos oss vert du ein del av eit godt fagmiljø der vi har fokus på «kva er viktig for deg». Du vil få kollegaer med glimt i auge, og ein arbeidskvardag der latteren ofte sit laust. 

Velferdssenteret har deltatt i TØRN-prosjekt på vegne av Alver kommune. Vi jobbar med oppgåvedeling og tenestestyrt bemanning. 

Vi søker deg som er klar for å ta fatt på utfordringar med eit smil og eit ope sinn. 


Arbeidsoppgåver

  • Gi fagleg forankra pleie og omsorg til våre pasientar og pårørande 
  • Delta i daglege oppgåver i avdelinga og være ein god rollemodell for kollegaer og studentar 
  • Ha det sjukepleiarfaglege ansvaret for sjukeheimen på kveld og helg 
  • Ha legevisitt og påfølgande oppfølgingsarbeid
  • Dokumentasjon jfr helsepersonelloven 
  • Medikamenthandtering og lindrande behandling 
  • Bidra til godt og tverrfagleg samarbeid

Kompetansekrav

  • Du må ha norsk autorisasjon som sjukepleiar 
  • Du må beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg. Dersom du er utdanna utanfor Norden treng du godkjend B2 - test.
  • Fordel med erfaring frå eldreomsorg

Kven er du?

På Velferdssenteret ønskjer vi oss sjukepleiarar som er handlekraftig  og fleksibel, som finn gode løysingar sjølv i pressa situasjonar.  Det er viktig at du kan jobbe strukturert, og at du kan prioritere og delegere oppgåver.  Som sjukepleiar bidreg du aktivt til at pasientane får ein trygg og god kvardag, til tross for utfordringane dei har. Du er ein lagspelar som trivs i tverrfaglege team og er klar for kunnskaps- og erfaringsdeling med kollegaer. Du må ha gode kommunikasjonsferdigheter.

Du er open for ulikskap og evner å byggje relasjonar basert på respekt og tillit. 


Vi tilbyr

  • Fagleg spennande arbeid
  • Fokus på medverknad og utvikling
  • Moglegheit for å jobbe bredt fagleg
  • Årsturnus
  • Sjukepleiarar i Alver kommune ligg over minstelønnsgarantien til KS
  • Gode pensjonordninger fra KLP
  • Gratis parkering ved arbeidstad

 

 


Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.


Vi er Alver

Bli kjent med Alver kommune

Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune

Kontaktpersoner for stillingen

Hildegunn Hopland Hansen

Assisterende tjenesteleiar

+4740910883

hildegunn.hopland.hansen@alver.kommune.no

Sissel Tofting Erstad

Einingsleiar

+4796923546

sissel.lilly.tofting.erstad@alver.kommune.no

Om bedriften

Sjukeheimstenesta i Alver kommune består av fem sjukeheimar: Knarvik sjukeheim, Såtabu bu-og servicesenter, Lindås bu-og servicesenter, Meland sjukeheim på Frekhaug og Velferdssenteret på Manger. Sjukeheimstenesta har plassar fordelt på korttidsplassar og langtidsplassar for somatikk og demens, palliative plassar, rehabiliteringsplassar og plassar til rullerande avlastning. Omsorgsbustad pluss på Manger og Ostereidet er òg organisert under sjukeheimstenesta. Der er det henholdvis 21 og 28 leiligheter. I omsorgsbustad pluss bur brukar i eigen heim og mottar tenester ut frå hjelpebehovet.

I tillegg til sjukeheimsavdelingar er kommunalt kjøkken og ressursbank organisert i sjukeheimstenesta.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

58970d02-aba0-4f8d-bb68-93dc9a729745

Sist endret

25. august 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10306901

Lignende annonser

Laster lignende annonser