100% stilling som miljøarbeidar ved EM-tiltak i Verksemd for inkludering
Ullensvang kommune Inkludering
Opheimsgata 31, 5750 Odda, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 21. september
Stillingstype: 100 % fast stilling
Arbeidsstad: EM-butiltak – Kinsarvik Brygge og Dalesvingen
Om stillinga
EM-tiltaket er eit døgnbemanna butilbod for einslege mindreårige flyktningar (15–18 år) i Ullensvang kommune. Vi har to bufellesskap: Kinsarvik Brygge midt i sentrum og Dalesvingen i naturskjøne omgjevnader. Her legg vi til rette for tryggleik, omsorg og utvikling for ungdom som har kome åleine til Noreg.
Vi søkjer no ein miljøarbeidar i 100 % fast stilling. Du blir del av eit engasjert team som arbeider i døgnturnus/ langvakter – 2 eller 3 døgn på arbeid etterfølgt av vekefri. Arbeid kvar 4. helg. Du vil ha vakter ved begge bustadene i tiltaket.
Arbeidsoppgåver
- Rettleie og støtte ungdom i kvardagen ut frå individuelle behov og mål.
- Delta i daglege gjeremål, aktivitetar og sosialt fellesskap.
- Planleggje og følgje opp tiltak saman med kollegaer.
- Bygge gode relasjonar og bidra til eit trygt og utviklande bumiljø.
- Samarbeide med skule, helse og andre eksterne instansar.
- Bidra til enkelt vedlikehald i husa saman med ungdommane, som ein del av kvardagsmeistring og praktisk opplæring.
Kvalifikasjonskrav
- Gjerne sosialfagleg utdanning, men relevant erfaring kan kompensere.
- Førarkort kl. B.
- God munnleg og skriftleg norsk (B2-nivå for søkjarar utanfor Skandinavia).
- Gode digitale ferdigheiter.
Tilleggsutdanning/kurs innan fleirkulturell forståing, psykisk helse, traumebevisst omsorg, rettleiing eller ICDP.
Personlege eigenskapar
- Robust, fleksibel og med godt humør.
- Evne til å jobbe sjølvstendig og i team.
- God på kommunikasjon, konflikthandtering og relasjonsbygging.
- Evne til å møte ungdom med empati og kultursensitivitet.
- Spennande og meiningsfullt arbeid i eit tiltak i utvikling.
- Varierte oppgåver og gode høve til kompetanseheving.
- Løn etter hovudtariffavtalen.
- Gode pensjons-, permisjons- og velferdsordningar.
- IA-verksemd med fokus på arbeidsmiljø.
Krav
- Gyldig politiattest.
- Godkjent tuberkulinstatus.
- Krav til førarkort
Sletting av utdanningsgjeld/studielån
Ullensvang kommune er omfatta av den nasjonale ordninga for sletting av utdanningsgjeld.
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSB sitt sentralitetsnivå 5 og 6 kan frå januar 2026 få sletta inntil 25 000 kroner av utdanningsgjelda per år. For å få sletting må du vere busett i ein av desse kommunane og vere yrkesaktiv i minst eitt år. Slettinga gjeld kvart år fram til heile gjelda er nedbetalt, og omfattar alle typar utdanningsgjeld – uavhengig av når ho er teken opp.
Personar som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit etter denne datoen, blir kvalifiserte til å få sletting etter eitt års butid.
Til orientering om Offentleglova
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at namnet ditt vert synleg på kommunen si postliste når du søkjer stillinga.
For å gjere unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdere dette konkret i kvar enkelt sak.
I følgje Offentleglova § 25 kan det gjerast unntak frå innsyn dersom søkjaren sjølv ber om det. Ved vurderinga skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
I utlysinga skal det gjerast merksam på at opplysningar om søkjaren likevel kan bli offentlege sjølv om vedkomande har bedt om unntak. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren få varsel om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune
Dei som blir tilsette i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Avtalen blir sendt på SMS og e-post med lenkje til signering.
Dersom du har fått munnleg melding om tilsetjing, vil du òg få arbeidsavtale tilsendt. Dersom e-posten ikkje kjem fram i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller bruk denne lenkja: https://signering.posten.no/
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
581dfab1-941d-4583-b4d9-33fd21838114
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3540159_194021_nn