Hopp til innhold

Helsefagarbeidar/sjukepleiarstudent  14 - 20 % fast helgestilling - Ostereidet omsorgsbustad pluss

Arbeidsgiver

Alver kommune

Sted

Eidavegen 512, 5993 Ostereidet

Om jobben

Stillingstittel
Helsefagarbeidar/sjukepleiarstudent 14 - 20 % fast helgestilling - Ostereidet omsorgsbustad pluss
Type ansettelse
Fast, deltid
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 6. oktober

Om stillinga

Vi har ledig fast helgestilling på 14-20 % som helsefagarbeidar eller sjukepleiarstudent ved Ostereidet omsorgsbustad pluss. Me har ledig helgestilling med ordinære vakter lørdag og søndag med arbeid i snitt kvar 3 veke eller helgestilling med langvakter lørdag og søndag med arbeid i snitt kvar 4. veke. Ein kan òg jobbe fredags kveld i tilknytning til arbeidshelga si. Stillingsprosenten varierer ut frå om ein har ordinære vakter, langvakter og om ein kan jobbe fredags kveld. 


Om avdelinga

Ostereidet omsorgsbustad pluss består av 28 leiligheter med fast bemanning heile døgnet. 

Bebuarane som bur her har ulike behov for oppfølgning. 

Avdelinga jobbar tett saman med heimetenesta som har lokale i samme bygg. Vi prøver ut "sjukepleiar på topp" slik at ein som sjukepleiar har ansvar for sjukepleiaroppgaver for brukarar i omsorgsbustadane og heimebuande. 

Hos oss blir du del av eit breitt fagmiljø med sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, assistentar, reinhaldspersonale og kjøkkenpersonale, i tillegg til lærlingar og praksiskandidatar. På natt er det to tilsette på jobb så du vil alltid arbeide med andre. 


Arbeidsoppgåver

  • Gje omsorgsfull og fagleg forsvarleg helsehjelp
  • Vurdere og følgje opp den enkelte bebuar sine behov
  • Bidra til tryggleik og ro for bebuarane gjennom natta
  • Samarbeide med kollegaer og andre fagpersonar

Kompetansekrav

  • Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
  • Dersom du er utdanna utanfor Norden treng du godkjend B2– test

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

  • Er glad i menneske. Du blir motivert av å jobbe med menneske og bruke faget til beste for tenestemottakar.
  • Er sjølvstendig. Du tek ansvar og finn gode løysingar.
  • Er fagleg sterk. Du held roen i akutte situasjonar og prioriterer godt.
  • Er positiv. Du bidreg til godt humør blant kollegaer og brukarar.
  • Er ein lagspelar. Du bidreg til godt samarbeid med brukarar, pårørande og kollegaer.
  • Er villig til å lære opp og dele kompetanse med kollegaer, studentar og lærlingar.
  • Er framtidsretta. Du er open for nye arbeidsmåtar og digitale løysingar.

Vi tilbyr

  • Kollegaer med høg fagleg kompetanse
  • Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar
  • Gratis parkering
  • Fagleg utvikling 
  • Årsturnus
  • Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • Løn i samsvar med ansiennitet: 452 500 - 528 300
  • God pensjonsordning gjennom KLP

Vi er Alver

Bli kjent med Alver kommune

Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.


Kontaktperson for stillingen

Sølvi Ulvund

Einingsleiar Ostertunet omsorgsbustad pluss

+4794503159

solvi.ulvund@alver.kommune.no

Om bedriften

Sjukeheimstenesta i Alver kommune består av 

  • 4 sjukeheimar: Knarvik sjukeheim, Lindås bu-og servicesenter, Meland sjukeheim på Frekhaug og Velferdssenteret på Manger. Sjukeheimstenesta har totalt 175 plassar fordelt på korttidsplassar og langtidsplassar for somatikk og demens, palliative plassar, rehabiliteringsplassar og plassar til rullerande avlastning.
  • 2 omsorgsbustad pluss avdelingar: ein på Manger med 22 leiligheter og ein på Ostereidet med 28 leiligheter. Her bur bebuarane i eigne leiligheter og omsorgsbustadane er bemanna 24/7.
  • Kommunalt kjøkken og ressursbank er òg organisert i sjukeheimstenesta.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

57dafd43-9219-42f1-9f9f-9a6b1706858b

Sist endret

22. september 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10310054

Lignende annonser

Laster lignende annonser