Hopp til innhold

Ferievikar Skodje og Ørskog omsorgsdistrikt - sjukeheimar, heimeteneste, dagsenter og kjøkken

Arbeidsgiver

Skodje og Ørskog omsorgsdistrikt, Ålesund kommune

Sted

6240 Ørskog

Om jobben

Stillingstittel
Ferievikar Skodje og Ørskog omsorgsdistrikt - sjukeheimar, heimeteneste, dagsenter og kjøkken
Type ansettelse
Engasjement, heltid 100%
Antall stillinger
20
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 30. mars

Har du lyst å arbeide med noko meiningsfylt i sommar?
Vi har behov for flinke ferievikarar.

Skodje og Ørskog omsorgsdistrikt er ein del av Ålesund kommune. Vi har ansvar for tenester i heimetenesta og to sjukeheimar hhv. Skodje og Ørskog, i tillegg til fleire underavdelinger.

Distriktet består av følgande: 

  • Skodje heimeteneste: heimebuande i distriktet Skodje. Inkluderer omsorgsbustader og heimehjelp/vask av bustader. 
    Praktisk og personlig bistand (PPB) til èin spesifikk brukar
  • Ørskog heimeteneste: heimebuande i distriktet Ørskog. Inkluderer omsorgsbustader og heimehjelp/vask av bustader
  • Dagsenter for Skodje og Ørskog - lokalisert under Ørskog heimeteneste sin base, ved Steinholt Busenter. 
  • Skodje omsorgssenter: 27 sjukeheimsplasser fordelt på tre avdelingar.
  • Ørskog omsorgssenter har 17 sjukeheimsplasser fordelt på to avdelingar.
  • Skodje og Ørskog kjøkken - èit kjøkken ved Skodje omsorgssenter og èit kjøkken ved Ørskog omsorgssenter

Har du inga erfaring frå slikt arbeid, så gir vi deg god opplæring! Både teoretisk og praktisk opplæring. 

Det er viktig at du presiserer kvar du kan tenke deg å arbeide i søknadsteksten, samt når du ev. ikkje har anledning å arbeide/ønsker fri.

Det forventast for øvrig at søkjarar kan arbeide store deler av sommaren, spesielt i vekene 29-32.


Arbeidsoppgåver

Etter opplæring og god veiledning skal du kunne utføre:

  • Oppfølging av pasienter i personlig pleie, måltid, trening og aktivisering
  • Aktiv deltakelse i det tverrfaglige samarbeidet
  • Daglige rutineoppgaver i avdeling på sjukeheim eller i omsorgsbustader/private heimar
  • Reingjering av bustader ved arbeid som heimehjelp
  • Oppfølging og aktivisering i hht plan ved arbeid ved Dagsenter for demente
  • Ved arbeid på kjøkken; tilberedelse av måltider til pasientar

Kvalifikasjonar

  • Påbegynt eller fullført utdanning innen sykepleie, helsefag, vernepleie, fysioterapi eller ergoterapi vil bli prioritert, men ufaglærte kan også søke.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne. Krav om norsk språkferdigheit tilsvarande B2 munnleg og skriftleg (Europarådet sin nivåskala - CEFR)
  • Beherske IKT-verktøy
  • Du må ha norsk personnummer eller gyldig D-nummer
  • Ved tilsetjing krevst politiattest, MRSA- og TBC-eigenerklæringar
  • Aktuelle kandidater må ha norsk personnummer eller gyldig D-nummer og formidle dette til arbeidsgiver i god tid før oppstart i jobben.
  • Det forutsettes at den som skal ansettes kan bekrefte sikker identitet i form av gyldig pass (internasjonalt) eller nasjonalt ID-kort (EU/EØS).  
  • Det kreves også at personlig bankid eller idporten kan benyttes som alternativ innlogging mot ulike digitale løsninger ved behov (Helseplattformen, OTTO-app mm).
  • Førarkort ved arbeid i heimeteneste og dagsenter

Personlege eigenskapar

  • Trygg, tydeleg og engasjert, med fokus på bebuaren/pasienten
  • Løysingsorientert, fleksibel og glad i nye utfordringar
  • Sjølvstendig og samarbeidsorientert
  • Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Nytenkande og endringsvillig
  • Personlege eigenskaper blir vektlagt

Vi tilbyr

  • Ein interessant arbeidskvardag med varierte og utfordrande oppgåver i eit godt arbeidsmiljø
  • Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande tariff
  • Pensjonsordning i henhold til tariff
  • Studentar med relevant helse- og sosialfaglig utdanning som har avslutta 4.semester kan bli tilsett som assistent med løn som fagarbeidar.
  • Ferdig utdannede sykepleiere og vernepleiere kan få en bonus på kr 13 000,-. Kriteriene er at en etter avtale med leder må arbeide til sammen 6 uker sommervikar i 100 % stilling i perioden uke 25 – 32 i 2027. Opplæringsvakter kommer i tillegg. Gjelder sykepleier- og vernepleierstillinger i aktiv pleie innen kommunalområdet Helse og omsorg og Velferd og sysselsetting. Bonusordningen gjelder for reelt utført arbeid, i praksis betyr dette at bonusen blir avkortet eller faller bort ved sykefravær eller annet fravær. De som ønsker en slik bonusordning må opplyse om det i søknaden.

Kontaktinformasjon

Marianne Brandal, Avdelingsleiar Skodje omsorgssenter, 917 86 893, marianne.brandal@alesund.kommune.no
Sissel Nogva Refsnes, Avdelingsleiar Ørskog omsorgssenter, 922 06 402, sissel.nogva.refsnes@alesund.kommune.no
Maren Langlo Kongsnes, Avdelingsleiar Ørskog heimeteneste, 950 65 938, maren.langlo.kongsnes@alesund.kommune.no
Mariann Ødegård, Avdelingsleiar Skodje heimeteneste, 970 62 140, mariann.odegard@alesund.kommune.no
Linn Evy Abelseth Søvik, Verksemdsleiar, 906 84 106, linn.evy.abelseth.sovik@alesund.kommune.no

Arbeidsstad


6240 Ørskog

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ålesund kommune

Referansenr.: 5213317543
Stillingsprosent: 100, 80%
Sommarjobb

Kontaktpersoner for stillingen

Marianne Brandal

Avdelingsleiar Skodje omsorgssenter

917 86 893

marianne.brandal@alesund.kommune.no

Sissel Nogva Refsnes

Avdelingsleiar Ørskog omsorgssenter

922 06 402

sissel.nogva.refsnes@alesund.kommune.no

Maren Langlo Kongsnes

Avdelingsleiar Ørskog heimeteneste

950 65 938

maren.langlo.kongsnes@alesund.kommune.no

Mariann Ødegård

Avdelingsleiar Skodje heimeteneste

970 62 140

mariann.odegard@alesund.kommune.no

Linn Evy Abelseth Søvik

Verksemdsleiar

906 84 106

linn.evy.abelseth.sovik@alesund.kommune.no

Om bedriften

Ålesund kommune er den største kommunen i Møre og Romsdal og den største byen mellom Bergen og Trondheim med ca. 60 000 innbyggere 

Det lokale næringslivet er både lokalt, nasjonalt og ikkje minst internasjonalt orientert. Ålesund er «bygd» på fiske og fangst. Framleis er Ålesundregionen er verdsleiande på det marine og maritime området. Fleire av landets største fiskebedrifter og oppdrettsselskap held til i kommunen vår. Ålesund har Noregs største cruisehamn, største fiskerihamn og nest største containerhamn. Vi er og Noregs største eksporthamn på fiskeriprodukter. 

Kommunen er det største kollektivknutepunktet i fylket, og tal frå 2016 viser at det årleg er rundt to millionar passasjerer som går av eller på ein buss eller båt i Ålesund.  
Ålesund by er viden kjend for sin vakre jugendstil. Tårn, spir og vakre utsmykkingar møter deg som går gatelangs der.
Byen ligg som ein døropnar til fjordsystemet på Sunnmøre og strekk seg heilt nord til Ona utanfor Romsdalskysten. Andre attraksjonar i kommunen er Ona fyr og fantastiske fjell, fjordar og natur rett utanfor stovedøra. 
Vi er ein universitetskommune og har eit nært samarbeid med NTNU på Campus Ålesund. På Campus Ålesund finn du òg Ålesund framtidslab - U4SSC ip.  

Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.

 

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

57a49cad-c87d-4820-bb84-d35e78896d68

Sist endret

26. november 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

173e82b68ab440c98404693ef4cbce36

Lignende annonser

Laster lignende annonser