Ledig stilling som elektrikar
Kvam Elektro AS
Hardangerfjordvegen 642, 5610 Øystese
Om jobben
- Stillingstittel
- Elektromontør Gr.L
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk snarest mulig
Er du ein dyktig og serviceinnstilt elektrikar som set pris på varierte arbeidsoppgåver og eit godt arbeidsmiljø? No har du sjansen til å bli ein del av laget vårt!
Arbeidsoppgåver:
Stillinga omfattar elektriske installasjonar og arbeid med sterk- og svakstraum i bustader, hytter og industribygg. Du kjem til å jobba både sjølvstendig og saman med andre, på både små og store prosjekt.
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:
-
Har fagbrev som elektrikar
-
Førarkort klasse B
-
Er sjølvstendig og løysningsorientert
-
Likar å samarbeida og møta kundar
-
Er oppteken av å levera skikkeleg arbeid
-
Skriv/snakkar norsk
Me tilbyr:
-
Ein variert arbeidskvardag
-
Firmabil
-
Eit lite og godt fagmiljø der du blir sett og høyrd
-
Moglegheit til å utvikla deg fagleg
-
Konkurransedyktige lønns- og arbeidsvilkår
-
Ei solid lokal bedrift med lange tradisjonar
Høyrest dette ut som noko for deg? Ta ein uformell prat eller send inn ein søknad -- me gledar oss til å høyra frå deg!
Om bedriften
Kvam Elektro vart i 1975 etablert av Øystein Laupsa. Sidan det har bedrifta vore ei velkjend elektrobedrift blandt dei lokale i kvam og omegn. Sidan 1995 har bedrifta vore medlem i elfag, og etterkvart butikk-kjeda power. Med 110 medlemsbedrifter over heile landet er Elfag ein av Norges mest kjente elektrikerkjeder. I dag er det Tormod Laupsa som er dagleg leiar for bedrifta.
Som elfag-medlem ynskjer våre elektrikarar alltid å finne dei beste løysingane for våre kundar, og har stolthet i å opptre pålitelig og ryddig. Me garanterer kvalitet på vårt arbeid, materiell og utstyr i 5 år. Power Norge er ein av dei største aktørane innan forbrukarelektronikk her til lands.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
579005aa-96cf-41a6-803c-457cbeb0dc9a
- Sist endret
11. september 2026
- Hentet fra
FINN
- Referanse
475782350