LIS3 nevrologi
Nevrologisk seksjon, Helse Førde
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
LIS3 nevrologi
Oppstart
1. oktober 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 14. september
Nevrologisk seksjon ved Førde sentralsjukehus har ledig fast stilling for LIS 3 i nevrologi. Seksjonen er ein del av Avdeling for nevrologi, revmatologi og rehabilitering (ANRR).
Hovudoppgåva er å yte spesialisthelseteneste til pasientar med nevrologiske sjukdomar. Vi har sengepost, slageining, poliklinikk med laboratorium for klinisk nevrofysiologi, EEG-laboratorium og fagsjukepleiarar innan epilepsi, parkinson, slag, hjernekreft og MS.
Nevrologisk avdeling i Helse Førde har fagavtale med nevrologisk- og nevrokirurgisk avdeling ved Haukeland Universitetssykehus for delar av spesialiseringsforløpet.
Helse Førde er inne i eit omfattande og spennande utviklingsarbeid. Vi har ny og moderne sengepost med einerom til alle våre pasientar og gode arbeidsforhold for våre tilsette. Vi arbeider kontinuerleg med utvikling og forbetring av tenestene samt organiseringa av desse.
Vi legg stor vekt på godt arbeidsmiljø og samarbeid på tvers av faggrupper og avdelingar. Alle LIS i Helse Førde har tilbud om gruppeveiledning på tvers av avdelingar.
Vi ser fram til å motta søknad frå deg.Arbeidsoppgåver
- LIS følgjer i utgangspunktet 7-delt vaktplan, med fri i vaktplan kvar 7. veke. Tilstadesvakt.
- Arbeid på post, ha poliklinikk og delta i tverrfagleg samarbeid. Du vil få undervisning og rettleiing etter oppsett plan.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Fullført LIS1
- Relevant sjukehuserfaring og kjennskap til DIPS er ønskjeleg
- Må beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg
- Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg.
Personlege eigenskapar
- Motivert, lærevillig og interessert i fagfeltet
- Bidreg positivt til eit godt fagleg og kollegialt arbeidsmiljø
- Har gode samarbeidsevner, er arbeidsvilleg og initiativrik
Vi tilbyr
- Ein spennande og utfordrande jobb
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Rekrutteringstillegg kr 25.000,-
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Elin Seim, Seksjonsleiar Nevrologisk seksjon, elin.seim@helse-forde.noArbeidsstad
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 4910503090
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.10.2025
Søknadsfrist: 14.09.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
577f8089-c246-48f5-9555-b34d991b82cc
- Hentet fra
talentech
- Referanse
c068ec0ce6c44de0825d1aafacb5eef2