Hopp til innhold

Sande omsorgssenter har ledig fast 100 % stilling som

Arbeidsgiver

Sunnfjord kommune Sande omsorgssenter

Sted

Sandevegen 120, 6973 Sande i Sunnfjord

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest fredag 27. november

Sande omsorgssenter er ein institusjon som ligg sentralt i Sunnfjord kommune, like ved E-39 og ca. 20 min frå Førde. Institusjonen har 40 sengeplassar fordelt på to avdelingar. Omsorgssenteret har 35 årsverk. Lærlingar, elevar og studentar er jamt innom for opplæring og bidreg til eit utviklande miljø. Vi er opptatt av den gode dagen for dei som bur og arbeider her.

Er du nyutdanna sjukepleiar og ikkje heilt har bestemt deg for arbeidsplass enno? Eller er du ein erfaren sjukepleiar som kan tenke deg å prøve noko nytt.? Då bør du søke på Sande omsorgssenter. Vi kan tilby eit arbeid med mykje glede, ansvar og faglege utfordringar. 

Vi har ledig

  • 100 % fast stilling som sjukepleiar
  • Som sjukepleiar har du ansvar for sjukepleie til avdelinga sine pasientar og du arbeider tverrfagleg i team. Du skal som pasientansvarleg sjukepleiar vere pasienten sin kontakt og talsperson, ha ansvar for å sikre kontinuitet, fagleg forsvarleg praksis, kvalitet i tenesta og koordinere tenestetilbodet.

    Vi søker deg som:

    • har ønske og glede av å arbeide med mennesker med ulike hjelpebehov
    • har eit fagleg engasjement og vil utvikle gode tenester
    • evner å jobbe både sølvstendig og i team
    • er strukturert, ansvarsbevisst og løysingsorientert
    • er fleksibel og likar utfordringar
    • bidreg til eit positivt og godt arbeidsmiljø

    Kvalifikasjonskrav

    • norsk autorisasjon som sjukepleiar
    • beherske norsk godt, både skriftleg og munnleg

    Vi tilbyr: 

    • drivande godt arbeidsmiljø og engasjerte kollegaer
    • ein arbeidsplass der vi ser og oppmuntrar kvarandre
    • pasientnært og fagleg fokus
    • rekruttering- og stabiliseringtillegg på kr 35 000,- per år
    • kompetanstetillegg for relevant vidareutdanning
    • moglegheit for langvakter

    Vi har prøvd ut langvakter og har god erfaring med det. Det er høve til å kombinere langvakt og kortvakt. Vi tilpassar turnusen så langt det let seg gjere etter behov. Går ein langvakt i helgar er det arbeid kvar 4.helg. Ved kortvakter i helgar er det arbeid kvar 3.helg.

    Søkar må kunne legge fram gyldig politiattest utan merknader før start i stilling. 

    Du søker elektronisk. 

    Vi ser fram til å høyre frå deg, velkommen som søkar!

     


    Link til søknadsskjema: Søk her

    Kontaktperson for stillingen

    Tove Aarberg

    +47 57718221

    tove.aarberg@sunnfjord.kommune.no

    Om bedriften

    Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    5776e6ee-d23c-45c7-b5d6-64fbcd25e339

    Sist endret

    10. november 2026

    Hentet fra

    visma-easycruit

    Referanse

    3677581_191705_nn

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser