Helsefagarbeidar/miljøarbeidar 2 x 100% stilling i vikariat Husnestunet
Kvinnherad kommune Husnestunet
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Om jobben
- Stillingstittel
- Helsefagarbeidar/Miljøarbeidar - vikariat 2 x 100% stilling
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 16. november
VIKARIAT MED FAGLEG VEKST - BLI EIN DEL AV HUSNESTUNET SITT FRAMTIDSRETTA FAGMILJØ INNAN DEMENSOMSORG!
Husnestunet søkjer helsearbeidarar og/eller miljøarbeidarar i 2 x 100% vikariat tom 31.08.2026.
Stillinga er primært i 2- delt turnus, med kvar 3. helg. Det er mogleg å ta langvakter ved behov.
Arbeidsstad er i hovudsak på 1 av våre 2 avdelingar for pasientar med demens, men ein må vere fleksibel og kunne jobbe på andre avdelingar ved behov og etter avtale med leiar.
Tilsetting - 1. desember 2025.
Arbeidsoppgåver:
Utøva hels- og omsorgsfaglege oppgåver i tråd med lovverk, rutinar og kvalitetskrav.
Heilskapleg omsorg og pleie.
Samarbeid med pasient, pårørande, avdelingsleiar og særs tett samarbeid med kollegaer på avdeling.
Dokumentasjon av tenesta vi yt.
Legemiddelhandtering for dei med autorisasjon/ fagbrev innan helse.
Rettleie kollegaer, studentar og skuleelevar.
Kvalifikasjonar:
Har autorisasjon som sjukepleiar, eller vernepleiar.
Fagbrev innan helse- og omsorgsfag.
Erfaring frå psykiatri og/ eller demensomsorg er ynskjeleg, men ikkje eit krav.
Er trygg og sjølvstendig i faget.
Har evne til å sjå både detaljar og heilskap i pasientomsorga.
Bidrar til eit positivt arbeidsmiljø – også når det er travelt.
Trivst med variasjon og kan handtere uforutsigbare situasjonar.
Er nysgjerrig på utvikling og ser moglegheiter i ny teknologi.
God IT kunnskap.
Ha god norskkunnskap, både munnleg og skriftleg.
Ved tilsetjing vert det lagt vekt på tidlegare arbeidserfaring og personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
Vi nyttar TID modell i vårt arbeid med pasientar med demens.
Kurs/ kompetanseheving med hjelp av VR briller.
Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet.
Ingen eigedomsskatt pr i dag for hus, hytter og næring.
Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.
Meir informasjon om den flotte regionen vår finn du her: Sunnhordlandslivet (buisunnhordland.no)
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova §
10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Kontaktperson for stillinga:
Cecilie Torillsdatter Fredheim
+47 47694751
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Cecilie Torillsdatter Fredheim
Avdelingsleiar
+47 47694751
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
56d0ce77-00c4-43a1-8749-5f3697a057ce
- Sist endret
5. november 2025
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3555835_225951_no
Lignende annonser
Helsefagarbeidar 80-100% fast stilling, natt
Arbeidsgiver
Kvinnherad kommune Rosendalstunet
Sted
Rosendal
Helsefagarbeidar 100% fast stilling
Arbeidsgiver
Kvinnherad kommune Heimetenester Halsnøy
Sted
Rosendal
Sjukepleiar 100% vikariat Heimetjenesta Halsnøy/Husnes
Arbeidsgiver
Kvinnherad kommune Heimetenester Halsnøy
Sted
Rosendal