Fysioterapeut
Herøy kommune, Seksjon rehabilitering
Eggesbøvegen 11, 6092 Fosnavåg, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Fysioterapeut
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 28. oktober
Vi søkjer ein engasjert fysioterapeut til ei fast 100 % stilling med oppstart 1. januar 2026. Stillinga er delt mellom 60 % kvardagsrehabilitering og 40 % andre kommunale oppgåver, og er organisert under seksjon rehabilitering, som ligg i avdeling barn, familie og helse, i sektor helse og omsorg.
Seksjon rehabilitering består av kommunale fysioterapeutar, ergoterapeutar, helsesjukepleiar og fysioterapeutar med driftsavtale. Kvardagsrehabiliteringsteamet er tverrfagleg samansett av fysioterapeut, ergoterapeut og sjukepleiar. Seksjonen har eit godt etablert samarbeid mellom kommunale og private funksjonar, og arbeider aktivt for å sikre heilskaplege og koordinerte tenester.
Arbeidsoppgåver
- kvardagsrehabilitering: arbeidet er organisert i eit tverrfagleg team med fysioterapeut, ergoterapeut og sjukepleiar, kvar med 60 % stilling. Teamet utfører kartleggingsbesøk, der dei prioriterer målsettingar og følger opp i ei tidsavgrensa periode.
- arbeid på sjukeheim, i hovudsak på korttidsavdeling
- gruppebehandling: bassenggruppe for barn og vaksne/eldre, balansegruppe for heimebuande vaksne og eldre
- heimebehandling
- rettleiing av turnusfysioterapeut
- rettleiing og opplæring til andre tilsette i kommunen
- rettleiing og opplæring i høve Sterk-og-stødig-grupper
- andre fysioterapioppgåver.
Kvalifikasjonar
- norsk autorisasjon som fysioterapeut
- gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- erfaring frå kommunehelsetenesta er ønskjeleg
- kompetanse innan rehabilitering og/eller kvardagsrehabilitering, fysioterapi for eldre og gruppebehandling er ønskjeleg
- sertifisering som Sterk-og-stødig-rettleiiar er ein fordel
Du må ha førarkort klasse B.
Godkjend politiattest må leggast fram før oppstart.
Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål.
Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden.
Personlege eigenskapar
- gode samarbeidsevner og evne til å arbeide tverrfagleg
- god kommunikasjonsevne og relasjonskompetanse
- evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
- fleksibel, løysingsorientert og initiativrik
- engasjert i fagutvikling og kvalitetsforbetring
Personlege eigenskapar vert lagt vekt på.
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø med kollegaer som er opptekne av fagleg utvikling.
- tverrfagleg samarbeid med dyktige kollegaer
- moglegheit for fagleg utvikling og kompetanseheving
- gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
- lønn etter gjeldande tariffavtale
Herøy kommune er i kommunegruppe 5, noko som vil seie at dersom du bur og arbeider i kommunen kan du frå 1. januar 2025 årleg få sletta studielånet med kr. 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen.
Tilsetjing etter gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju. Søkjarlista kan verte offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Maria Elena Nilsen, Seksjonsleiar, +47 97 56 20 70Arbeidsstad
Eggesbøvegen 116092 Fosnavåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Herøy kommuneReferansenr.: 5024154213
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.10.2025
Kontaktperson for stillingen
Maria Elena Nilsen
Seksjonsleiar
+47 97 56 20 70
Om bedriften
Herøy kommune er perla ytst mot storhavet på Sunnmøre. Det er nær 9000 innbyggarar i Herøy. Arbeidsmarknaden i regionen er stor og variert. Herøy er spesielt kjent for å skape verdiar frå hav og fiske.
Frå Fosnavåg, kommunesenteret vårt, tek det 45 minutt å køyre til Ørsta-Volda lufthamn. Til Ålesund kjem du deg på under halvannan time.
Kommunen sin visjon er "ei båtlengd føre". Kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. VI er om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen.
I Herøy har vi eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangment for alle. Naturen og kysten vår er vakker. Øya Runde, med det mektige fuglefjellet, er vi ekstra stolte av !
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
56cb8a0b-520e-48e2-b29d-6befe663bdd5
- Hentet fra
talentech
- Referanse
785d506a686d4cfb941559f287ff1cfd