Helsefagarbeidar 3 x 70%, Sundheimen
Øygarden kommune Sundheimen
Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5382 Skogsvåg, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Fast, deltid 70%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Søk på jobben
Søk senest søndag 2. november
Sundheimen søkjer engasjerte og fagleg sterke helsefagarbeidarar som vil vere med og forme framtida for eldreomsorga. Er du engasjert og ønskjer gode arbeidsvilkår, fagleg utvikling og moglegheit til å påverke eigen arbeidskvardag? Då kan dette vere stillinga for deg!
Vi i Øygarden kommune arbeider aktivt for å tilpasse oss morgondagens behov og sikre gode tenester til våre innbyggjarar. Vi legg stor vekt på fagleg kvalitet, utvikling og trivsel blant våre tilsette. For å få til dette, er vi avhengige av eit godt arbeidsmiljø kor samarbeid på tvers av avdelingar og mellom faggrupper finn stad. Engasjerte medarbeidarar som jobbar strukturert og effektivt og gjerne kjem med innspel til endring er verdifullt i kommunen sitt oppdrag med å tilby berekraftige tenester.
Om oss
Sundheimen, lokalisert i Skogsskiftet er ein kommunal sjukeheim med 44 senger. Det er to avdelingar, somatisk og demens. Kvar avdeling er delt inn i grupper på 8 – 10 pasientar. Inntil 10 av 20 omsorgsbustader som ligg i nabobygget er drifta av Sundheimen. Sundheimen og omsorgsbustadane har i hovudsak langtidspasientar med komplekse og samansette diagnosar.
Som helsefagarbeidar hjå oss får du jobbe i eit tverrfagleg team i eit kunnskapsrikt og inkluderande arbeidsmiljø. Vi har god helsefag- og sjukepleiarkompetanse der vi har fokus på omsorg og tryggleik både i ei aktiv behandlande fase og i ei palliativ fase. Vi har eigne kjøkken-assistentar på kvar gruppe dagleg.
Vi har frivillige som bistår oss med aktivitetar som bingo, andakt og besøksvenn. Vi ønskjer det beste for våre brukarar og legg til rette for kjekke aktivitetar i kvardagen. Vi har stort fokus på arbeidsmiljø. Vi har det kjekt i lag på jobb, og du vil garantert bli tatt godt i mot som vår nye medarbeidar.
Om stillinga
Stillingane inngår i årsplan med arbeid dag /kveld og 16 helger pr år. Ved ønskje om større stilling kan timebank bli vurdert. Langvakter og /eller 12 helger vurderast.
Arbeidsoppgåver:
- Pasientretta arbeidsoppgåver i sjukeheimsavdeling
- Dagleg avdelingsarbeid i samarbeid med serviceassistentar.
- Ha fokus på pasientar og bidra til tverrfagleg samarbeid saman med sjukepleiar, fysioterapeut og lege.
- Rettleie lærlingar og elevar
- Delegert ansvar for medikamenthandtering
- Sørgje for god samhandling og dokumentasjon i gjeldande fagsystem
Kvalifikasjonar:
Må ha:
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
- Gyldig arbeids- og opphaldsløyve
- Assistent/ lærling som er nære fagbrev som helsefagarbeidar kan bli vurdert
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- Digital kompetanse
- Krav om gyldig politiattest
Personlege eigenskapar:
- Har god evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
- Du er lærelysten, tar ansvar og nyttar kunnskap i praksis
- Du er løysningfokusert og engasjert,
- Du er fleksibel, positiv og ønskjer å skape gode augneblikk for pasientar
- Gode kommunikasjons- og samhandlingsferdigheiter
- Bidrar til godt arbeidsmiljø ved å fremma det positive
- Du er trygg i dialog med pårørande og kommuniserer tydeleg
- Personleg eignaheit vert vektlagt
Anna:
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein spennande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon om Startlån
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
56aaebee-5980-4c35-96d1-c3428eacd30a
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3550343_194033_nn