Klinikksekretær åpen (vikar)
Universitetet i Bergen
Årstadveien 19, 5009 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Klinikksekretær åpen (vikar)
Type ansettelse
Vikariat, deltid
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
3
Søk på jobben
Søk senest mandag 27. oktober
Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAKlinikksekretær
KLINIKKSEKRETÆR (VIKARIAT)Kunnskap som formar samfunnetGjennom eit sterkt og tett samspel med omverda – globalt, nasjonalt og lokalt – skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Klinikksekretær (vikariat) Ved Det medisinske fakultet, Institutt for klinisk odontologi , er det ledig deltids- og heiltids stillingar som klinikksekretær. Dei ledige vikariata kan vere deltids- og heiltidsstillingar, og for ulik tidsperiode. Tidsperioden kan vere frå 6 til 18 månader.
Som tilsett hos oss vil du få moglegheit til å gjere teneste ved ulike fagseksjonar/einingar etter instituttets behov. Instituttet har følgjande seksjonar/einingar: barnetannpleie, endodonti, førebyggjande tannhelse, gerodontologi og samfunnsodontologi, kariologi, kjeve- og ansiktsradiologi, kjeveortopedi, oral kirurgi og oral medisin, oral protetikk, periodonti, hovudresepsjon og oral diagnostikk.
Tannhelsesekretæren vil arbeide i team saman med tannlege og ha ansvar for studentar i kvar økt på klinikken.
Ved tilsetting kreves det politiattest etter helsepersonelloven §20 a).
Arbeidsoppgåver:
- sterilisering, vedlikehald av utstyr og reinhald
- oppdekking, etterfylling av instrument og materialar
- oppfølging av rutinar som ein del av kvalitetssikringsarbeidet ved klinikken
- ansvar for tilrettelegging av rom og utstyr som blir brukt til pasientbehandling
- kontorarbeid knytt til den daglege drifta
- arkiveringsoppgåver
- betene telefon
- klargjere behandlingsrom
- hjelpe til med ulike behandlingsprosedyrar og sikre at utstyr er på plass og fungerer
- andre oppgåver kan leggast til stillinga
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Kvalifikasjonar og eigenskapar:- søkjar må ha relevant utdanning frå vidaregåande skule eller tilsvarande utdanning
- relevant praksis blir vektlagt
- det krevst kunnskap om klinisk pasientbehandling
- den som vert tilsett må ha gode kommunikasjonsevner munnleg og skriftleg på norsk og engelsk
- det krevst digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
- søkjar må ha god oversikt over arbeidsoppgåvene og jobbe sjølvstendig
- søkjar må vere fleksibel og ta initiativ
- søkjar må vere effektiv, ansvarsbevisst og nøyaktig
- mellommenneskelege eigenskapar er svært viktig i møte med studentar og kollegaer
- erfaring innan tannhelse og utdanningsinstitusjonar er ein fordel
Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt.
Vi kan tilby:
Vi tilbyr:- eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
- løn er for tida kr 475 000 – 490 000 (kode 1379) i lønsregulativet i staten. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
- medlemskap i Statens pensjonskasse
- gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
- søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
- kva stillingsbrøk du ønskjer
- kopiar av vitnemål og relevante attestar
- to referansar (namn og kontaktinformasjon)
Generell informasjon:
Generell informasjon:Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: klinikkleiar Neshe Lie (neshe.lie@uib.no, tlf 55586630
Ved tilsetjing må politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader leggjast fram, etter helsepersonelloven §20 a
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Retningslinjer for arbeidstøy ved Odontologisk universitetsklinikkOdontologisk Universitetsklinikk ved UiB følger «Faglige anbefalinger for smittevern i klinisk odontologisk praksis», som er utarbeidet av universitetene i Oslo, Tromsø og Bergen i samarbeid med Kompetansesentret for dekontaminering ved OUS, Den Norske Tannlegeforening (NTF), Helsedirektoratet, og Folkehelseinstituttet.
- Ansatte og studenter bruker arbeidstøy under arbeid i Ferdighetsenteret og i klinikkene.
- Arbeidstøyet består av klinikkbukser og kittel med kort erme for å sikre adekvat håndhygiene.
- Religiøse hodeplagg og operasjonshette/lue som brukes i klinikken anses som arbeidstøy, og følger regler for arbeidstøy.
- Alt arbeidstøy tilhører Odontologisk Universitetsklinikk, og tøyet lånes ut til ansatte og studenter.
Mer informasjon om smittevernpraksis ved Odontologisk Universitetsklinikk, UiB, finner du her: Smittevern | Institutt for klinisk odontologi | UiB
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.
Ved tilsettjing må politiattest som ikkje er eldre enn 3 md. leggjas fram, etter Helsepersonelloven § 20 a).
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
56642dea-82c4-47d6-b293-aeb9302158af
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10266449