Hopp til innhold

Tilkallingsvakt arrangement

Arbeidsgiver

Plogen kulturhus –Kultur, Klepp kommune

Sted

Solavegen 1, 4351 Kleppe

Om jobben

Stillingstittel
Tilkallingsvakt arrangement
Type ansettelse
Engasjement, deltid 0%
Antall stillinger
4
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest fredag 27. november

Klepp kommune søkjer tilkallingsvakter til arrangement som vil bidra til at Plogen kulturhus blir ein aktiv og inkluderande møteplass for heile Klepp. Du får ansvar for at publikum blir tatt i mot på ein god måte, både når det gjeld arrangementsavvikling og sikkerheit. Arbeidsmengda vil variere og arbeidsoppdrag vil skje ved tilkalling. No står nye Plogen kulturhus klart for opning, med bibliotek, frivilligsentral, ungdomsklubb, kulturskule, kafé og kultursal. Klepp får ein splitter ny og moderne kultursal, tilrettelagd både for det frivillige kulturlivet og for profesjonelle produksjonar. Me satsar på å få til ein sal med høg aktivitet, eit variert, spanande og mangfaldig program og ikkje minst høg deltaking frå gode kulturkrefter i regionen.

Arbeidsoppgåver

  • Praktisk gjennomføring av arrangement
  • Billettkontroll og publikumsrettleiing
  • Sal av bar- og kioskvarer
  • Klargjering og rydding før og etter arrangement
  • Opning og stenging av kultursalen
  • Oppfølging av tryggleiks- brann og beredskapsrutinar
  • Enkle tekniske oppgåver etter opplæring
  • Samarbeid med arrangørar, artistar og kollegaer
  • Rettleing av frivillige arrangementsvertar

Kvalifikasjonar

  • Har fylt 18 år
  • Har gode munnlege kommunikasjonsevner på norsk
  • Er fleksibel og kan arbeide på kveldstid og i helgar
  • Har interesse for kultur, arrangement og publikumsarbeid
  • Handterer uventa situasjonar på ein roleg og profesjonell måte
  • Kan handtere enkle riggeoppgåver
  • Har grunnleggjande digitale ferdigheiter

Personlege eigenskapar

  • Er serviceinnstilt og trivst med kontakt med menneske
  • Har gode samarbeidsevner og ei positiv innstilling
  • Er påliteleg, ansvarsmedviten og kan arbeide sjølvstendig

Vi tilbyr

  • Eit spanande tverrfaglig miljø og moglegheit til å bidra aktivt i utviklinga av kommunen sitt kulturliv
  • Varierte og utfordrande oppgåver
  • Lønn etter tariff
  • Gode forsikrings- og pensjonsordninga (https://www.klp.no/pensjon/offentlig-tjenestepensjon-kort-fortalt)
  • Gratis parkering
  • Gratis adgang i bassenget i Klepphallen, ved gitte tider
  • Ordning med refusjon for behandling hos fysioterapeut og kiropraktor 


    Vi ber om at du laster opp attester og vitnemål i PDF-format saman med søknaden din. Utanlandske vitnemål må være godkjent av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) hkdir.no/utdanning-fra-utlandet. Utanlandske attester må være oversett til et skandinavisk språk eller engelsk. Vi gjer oppmerksam på at dokumentasjon på blant annet avtent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller sjuke også kan gi utteljing på lønnsansiennitet. 

Kontaktinformasjon

Andre Foldøy, Leder, +47 91112011

Arbeidsstad

Solavegen 1
4351 Kleppe

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Klepp kommune

Referansenr.: 5207255314
Stillingsprosent: 0%
Anna
Søknadsfrist: 27.11.2026

Kontaktperson for stillingen

Andre Foldøy

Leder

+47 91112011

Om bedriften

Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800  tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.

Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.

Visjonen vår er «Med blikk for alle».  Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.

Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

565acc5d-0aa2-4721-891a-8089265e64c9

Sist endret

10. november 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

9647c914821b4b5e828a7905b31c1275

Lignende annonser

Laster lignende annonser