Har du lyst på ein spennande og meiningsfylt sommarjobb i 2025
Seljord Kommune Pleie- Og Omsorgsleiars Kontor
Seljord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sykepleier
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Annet, heltid 100% og deltid 80%
Arbeidstid
Turnus, dagtid, kveld og natt, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
10
Seljord kommune søkjer etter sjukepleiarar, vernepleiarar, fagarbeidarar, studentar/elevar og assistentar.
Aktuelle arbeidsstader er Nesbukti pleie- og omsorgssenter, Teneste for funksjonshemma, Legevakt, Legesenter, Heimesjukepleie, Heimehjelp, Nestunet bukollektiv, Steinmoen bu- og servicesenter og Produksjonskjøkkenet på dyrskuplassen.
Hovudferieavviklinga vert frå veke 25 til og med 33. Vi ynskjer primært søkjarar som kan arbeide heile hovudferieperioden. For sommarjobb på turnusarbeidsplassar er det arbeid annakvar helg. Sei frå om kva for veker du eventuelt ikkje kan jobbe.
Ungdom mellom 16-18 år har anledning til å søke, men ein bør ha pleieerfaring. For å vikariere i Heimetenesta og i Tilrettelagde tenester må søkjarane ha sertifikat.
Det blir kravd helsefagleg utdanning for å arbeide på legekontor og legevakt.
Generelt
Opplæring skjer etter avtale med einingsleiar, fortrinnsvis før vikariatet startar. Obligatorisk/naudsynt legemiddelhandteringskurs er 20.06.2025.
Det blir stilt krav om godkjend politiattest for tilsetting innan helse og omsorg før tilsetting i sommarjobben, jamfør Helse- og omsorgstenestelova § 5-4.
Vi tilbyr
- God opplæring
- Verdifull arbeidserfaring
- Spanande arbeidsoppgåver i gode arbeidsmiljø
- Relevant praksis
- Feriebonus
- Lønskompensasjon for dokumenterte studie år
- Pensjonsopptening i KLP for kvar arbeida time
Løna fylgjer Hovudtariffavtala som gjeld for tilsette i kommunal sektor. Høgskulestudentar som jobbar innan relevante fagområde, vert løna etter lokal avtale, 20 000 kr over minstesatsen pr. dokumenterte studie år.
Ferievikarar som jobbar meir enn 80 % stilling i minimum 6 veker i perioden frå og med veke 25 til og med veke 33, får ein feriebonus i siste lønnsutbetalinga si på kroner 12.000,-.I søknaden må du oppgje kva for arbeidsplass du søkjer. Dersom fleire arbeidsstader er aktuelle, må di prioritering koma fram i søknaden.
Seljord kommune kan hjelpe med formidling av kontakt for lokal bustad i perioden, dersom det skulle vere aktuelt.
For meir informasjon - ta kontakt med:
Kristin Aamot, einingsleiar Nesbukti pleie og omsorgssenter tlf. 90 61 83 32
Sigrid Kleivi Berge, einingsleiar Open omsorg (heimeteneste, heimehjelp, Steinmoen og Nestunet) tlf. 97 60 49 02
Eldbjørg Haugan, einingsleiar Helseavdelinga (legekontor, legevakt, psykisk helse) tlf. 90 96 80 18
Heidi Eilefsen, konstituert einingsleiar Tilrettelagde tenester tlf. 47 51 69 32
Vi oppmodar spesielt søkarar som er i undertal i kjønn, kultur, religion om å søke.
Seljord kommune tek berre imot elektroniske søknader. Søkaren må registrere relevant erfaring og utdanning inn i søknadsskjemaet.
Om bedriften
Seljord kommune ligg sentralt i hjartet av Telemark med storslått natur og gode friluftstilbod. Kommunen er eit handelssenter og trafikknutepunkt, og har mange store arrangement i løpet av året. Det er eit godt utbygde helsetenester, barnehagetilbod, 2 grunnskular, folkehøgskule, kulturskule, symjehall og kulturhus med bibliotek, idrettshall og treningssenter. Seljord kommune har i underkant av 3000 innbyggarar. Kommunen er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 390 tilsette totalt.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2852363
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
5622bb62-c7e5-44ae-9b75-ce8f551ba53f