Avdeling Jetmundgarden har ledige stillingar.
Bu og aktivitetstenesta, Sula kommune
Jetmundgarden 15, 6030 Langevåg
Om jobben
- Stillingstittel
- Bu- og aktivitetstenesta- avdeling Jetmundgarden lyser ut faste stillingar.
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Turnus
- Antall stillinger
- 2
Søk på jobben
Søk senest mandag 2. november
Er du ein som har eit stort hjarte for å jobbe med menneske og vil bidra med å gjere dagane god for dei som trenger støtte og hjelp i kvardagen. Kanskje er du vår nye kollega?
Vi skal styrke vår faglege kompetanse og søkjer engasjerte og dyktige medarbeidarar- fortrinnsvis vernepleiar eller sjukepleiar, men andre med relevant bachelorgrad vil og bli vurdert.
Som tilsett i Bu- og aktivitetstenesta har du ansvar for å sikre at vi gir fagleg forsvarlege tenester til våre tenestemottakarar. I vår eining får du samarbeide med engasjerte og dyktige kollegaer med varierande kompetansebakgrunn. Du vil få faglege utfordringar i arbeidsoppgåver i ei eining i utvikling. Vi tilbyr fadderordning og god opplæring.
2 x 100 % fast stilling som fortrinnsvis vernepleiar/ sjukepleiar, andre med helse og sosialfagleg høgskuleutdanning eller pedagogisk utdanning vil bli vurdert.
Stillingane er ledig frå snarast.
Siste års vernepleiarstudentar vert oppmoda til å søkje.
Bu- og aktivitetstenesta yter tenester til personar med ulike typar hjelpebehov. Tenestemottakarane er personar med funksjonsutfordringar som skuldast medfødde eller erverva tilstandar. Tenesta omfattar praktisk bistand, personleg hjelp, målretta miljøarbeid i heimen, sysselsetting , aktivisering og opplæring ved arbeidssenter/dagsenter, privat avlastning og avlastning i institusjon, støttekontakt og brukarstyrt personleg assistanse.
Jetmundgarden er ei avdeling med åtte bueiningar der arbeidet består i praktisk og personleg bistand til alle dagleglivets gjeremål. Avdelinga yter heildøgnomsorg til menneske med ulike funksjonsvariasjonar som autismespekterforstyrringar og psykiske vanskar. Vi arbeidar for at tenestemottakarane skal oppleve kvardagsmeistring og sosial deltaking i samfunnet. Dette gjennom å fremje meistring og inkludering i samfunnet gjennom tilrettegging og meistringskjensle. Du skal som tilsett sikre brukarmedverknad og gje god kvalitet på tenesta. Du skal rettleie tenestemottakar, samarbeide med pårørande, kollegaer og studentar.
Avdelinga har fokus på kompetanseløft og nokre av satsingsområda er målretta miljøarbeid og positiv åtferdstøtte.
Det er turnusarbeid med til ei kvar tid gjeldande turnus. Avdelingane har turnusordning med utvida arbeidstid f.t. 12,25 og 13-timarsvakter med arbeid 3. kvar helg.
Jetmundgarden bufellesskap har årsturnus der du kan vere med å påverke arbeidstida di.
Arbeidsoppgåver
- Arbeidet består i personleg bistand til alle dagleglivets gjeremål.
- Ha evne til å sjå alle som individuelle menneske og fremje den enkelte sine ressursar.
- Det vert vektlagt personlege eigenskapar som respekt, toleranse, tolmod og evne til å handtere uførutsette situasjonar.
- Det er eit overordna mål å sikre tenestemottakar ein trygg og føreseieleg kvardag der tenesteutøvinga bidreg til vekst og utvikling.
- Dagleg dokumentasjon og journalføring.
- Yte fagleg forsvarleg tenester til det beste for bebuarane i tråd med kommunen sitt arbeid og tilsetjingsreglement, mål og verdiar
- Du skal følgje rutinar, miljøreglar og handlingskjede som er satt opp. Du kartleggjer, sett i verk tiltak og evaluerer.
- Du skal ha tett samarbeid med pårørande/verje.
- Den som vert tilsett skal tilretteleggje og delta i bebuarane sine aktivitetar, både arbeid og fritid/ fysisk aktivitet.
- Primærkontakt for ein eller fleire av tenestemottakarane.
- Fagleg oppfølging, samt ansvar for opplæring av nytilsette og studentar.
Kvalifikasjonar
- Vi søkjer fortrinnsvis personar med gyldig autorisasjon som vernepleiar/ sjukepleiarar, andre med helse og sosialfagleg høgskuleutdanning eller pedagogisk høgskuleutdanning vil bli vurdert.
- Erfaring frå liknande arbeid, samt utfordrande åtferd vil verte føretrekt.
- Kjennskap til og erfaring frå arbeid med personar med samensett problematikk.
- Målretta miljøarbeid med oppfølging og evaluering av tiltaksplan.
- Utarbeiding og oppfølging av vedtak etter Hotjl. kap. 9.
- Datakunnskap.
- Gode kunnskapar i norsk, munnleg og skriftleg.
- Krav om førarkort klasse B.
- Politiattest.
- Oppgje referanse.
Personlege eigenskapar
- Forutan gode faglege kvalifikasjonar ser vi etter fleksible, stabile og pliktoppfyllande personar med god framferd som likar å arbeide med menneske.
- Du må vere ressurs og løysningsorientert, og ha evne til å arbeide både sjølvstendig og i team.
- Du må ha evne til å vere roleg i uførutsette hendingar og tole stress.
- Arbeide etter dagleg arbeidsplan og rutinar.
- Bidra til gode resultat gjennom felles mål, verdiar, tverrfagleg samarbeid og kompetanseheving.
- Evne til å bidra til eit positivt arbeidsmiljø og fagmiljø er viktig.
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Vi tilbyr
- Eit positivt og engasjert fagmiljø.
- Kompetanseheving og fagleg utvikling.
- Interessant og utfordrande jobb med varierte arbeidsoppgåver.
- Løn etter gjeldande tariff. Frå løna vert trekt 2% innskot til pensjonsordning.
- 20 års ansiennitetsstige. Kr 5716 pr. år.
- Vanleg kommunale tilsetjingsvilkår.
- God opplæring og moglegheit for fagleg påfyll.
- Lokalt tillegg for helsepersonell. Kr 6500 for helse- og/eller sosialfagleg utdanning, kr 5000 for helsefagarbeidar ( justerast etter stillingsprosent).
- Lokalt tillegg for arbeid på helg. Sjukepleiar/ vernepleiar kr 8000 pr. år, andre kr 4000 pr. år.
- Opplæring og moglegheit for fagleg påfyll.
Kontaktinformasjon
Camilla Vee, Einingsleiiar, +47 70198237Caroline Øien Fiksdal, 95710257, caroline.oien.fiksdal@sula.kommune.no
Arbeidsstad
Jetmundgarden 156030 Langevåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sula kommuneReferansenr.: 5193919394
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.11.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Camilla Vee
Einingsleiiar
+47 70198237
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
55fbc514-754a-4688-80e9-6e5c284ca3a5
- Sist endret
12. oktober 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e88c906ed06d487fb00603b0ccfcc95e