Skipsmotormekanikar/matros på sambandet Arsvågen-Mortavika, p.t MF Mastrafjord
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
E39, 4150 Rennesøy, E39, 5561 Bokn, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Skipsmotormekanikar/matros på sambandet Arsvågen-Mortavika p.t MF Mastrafjord
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Skandinavisk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 21. oktober
Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!
I denne stillinga er det eit krav om å ha ferdigheitssertifikat som både skipsmotormekanikar og matros.
Her vil du få ein varierte og spennande arbeidskvardag. Du bør trivast med høgt tempo, ansvar og samarbeide tett med kollegaer.
Kvifor velje oss?
- Kjekke kollegaer: Bli del av eit team med dyktige, og hjelpsame medarbeidarar.
- Balanse mellom arbeid og fritid: Med ei turnusordning der du jobber 2 veker på og 2 veker av, får du tid til både venner og familie.
- Reisekostnader: Til og frå arbeidsperioden blir dekka.
- Gode velferdsordningar: Muligheta for å leige hytter/leiligheter, treningstøtte og gode rabattordninga.
Oppstart januar 2026.
Arbeidsoppgåver
Skipsmotormekaniker:- Gjere seg kjend med sikkerheitsstyringssystemet (ref. utsjekksliste)
- Gjere seg kjend med utstyr og rutinar i samsvar med «Fartøyhåndbok», «Opplæringshåndbok for redningsutstyr», samt andre handbøker som gjeld st illinga
- Gjere seg kjend med beredskapsfunksjonen i samsvar med «Alarminstruks»
- Gjere seg kjend med verne- og miljøarbeid, samt bruk av verneutstyr
- Utføre maskinvakt og førefallande arbeid om bord
- Sørge for reinhald og brannforebygging innanfor sitt ansvarsområde og at kjemikalium vert handtert etter prosedyre/forskrift
Matros:
- Billettering, bruvakt og forefallande arbeid om bord
- Alterneringsplikt mellom dekk og maskin
- Arbeidsoppgåver som vert pålagt av næraste overordna
- Oppgåver knytt til alarminstruks
- Verne- og miljøarbeid
- Kundehandsaming
Kvalifikasjonar
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Ferdighetssertifikat motormann/skipsmotormekaniker
- Ferdighetssertifikat matros
- Ferdighetssertifikat hurtiggåande MOB båt
- Krise- og passasjerhandtering
- Ferdighetssertifikat grunnleggande og vidaregåande IGF
- Gyldig helseattest
- Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig
Personlege eigenskapar
Vi ser etter ein påliteleg og løysingsorientert skipsmotormekanikar/matros som trivast med å jobbe i team, og set sikkerheit og service på topp. Vilje til å lære og stå på er og viktige eigenskaper. Om dette beskriv deg som person, tek vi gledeleg imot din søknad.
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overeinskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Maskinistforbund.
- Fast ansettelse i eit solid og anerkjend rederi.
- Sjøvakt 2 veker på og 2 veker av. Ein bur ombord i arbeidsperioden.
- Dekka reisekostnader til/frå arbeidsperiode.
- Dyktige kollegaer og eit godt arbeidsmiljø.
- Treningsrom om bord i fartøyet.
- Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter , treningstøtte og gode rabattordningar.
- Variert og spanande arbeid: Du vil få ein variert arbeidskvardag, med spennande arbeidsoppgåver.
Kontaktinformasjon
Benedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, 47 88 78 96, benedicte.ellingsen@fjord1.noArbeidssted
E395561 Føresvik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Fjord1 ASReferansenr.: 5024332004
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 21.10.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
55ccd70c-69b4-4de4-a15b-136bfe45ae66
- Hentet fra
talentech
- Referanse
72e33a9a022445e19f7b65938d440bfb