Hopp til innhold

Helsefagarbeider eller student 26% helg 

Arbeidsgiver

Alver kommune

Sted

Storbruhaugen 13, 5955 Lindås

Om jobben

Stillingstittel
Helsefagarbeider / studenter - 26% helg - Krossleitet
Type ansettelse
Fast, deltid
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest mandag 7. desember

Om stillinga

Ønskjer du ein jobb der du kan bruke fagkunnskapen din til å gjere ein forskjell for andre? Ved Krossleitet omsorgsbustad pluss på Lindås får du høve til å byggje gode relasjonar og støtte menneske i å meistre sin eigen kvardag.

Vi har ledig ei fast stilling som helsefagarbeider frå 24.01.2027. Du arbeider langvakter på 12,5 timar og kvar fjerde helg.

Stillinga er for tida knytt til Krossleitet omsorgsbustad pluss, ein etablert bustad med ni tenestemottakarar og trivelege lokale med fellesareal.


Om oss 

Psykisk helse og rus, avdeling Lindås, er eit heildøgnsbemanna butilbod i eit tun av omsorgsbustader pluss.

Vi følgjer opp menneske med samansette psykiske helseutfordringar, med eller utan avhengnadsproblematikk. Målet vårt er å skape trygge og gode butilhøve og støtte kvar enkelt i å leve eit mest mogleg sjølvstendig liv.


Arbeidsoppgåver

  • Yte helsetenester i tenestemottakar sin heim, i tråd med vedtak og individuelle behov.
  • Bidra til eit trygt og inkluderande miljø gjennom målretta miljøarbeid i fellesareal.
  • Byggje trygge og stabile relasjonar som fremjar tillit, trivsel og meistring.
  • Gje tilpassa hjelp, støtte og opplæring i kvardagslege gjeremål.
  • Administrere legemiddel i tråd med delegert mynde og gjeldande rutinar.
  • Utføre primærkontaktoppgåver og bidra til heilskapleg oppfølging av tenestemottakarane.
  • Dokumentere tiltak, observasjonar og faglege vurderingar i pasientjournal.
  • Koordinere og samarbeide med pårørande og andre samarbeidspartnarar for å sikre gode og samanhengande tenester.

Kompetanse

  • Helsefagarbeider eller 2. og 3. årsstudenter innan helse- og sosialfag
  • Erfaring frå miljøarabeid er ønskjeleg
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Førarkort klasse B

Kven er du?

Vi ser etter deg som er engasjert i arbeid med menneske og ønskjer å bidra til ein trygg og god kvardag for tenestemottakarane.

  • Du er positiv, omgjengeleg og omsorgsfull.
  • Du samarbeider godt med andre og er trygg i dei faglege vurderingane dine.
  • Du er påliteleg og bidreg til eit godt bu- og arbeidsmiljø.
  • Du er fleksibel og ser etter løysingar.
  • Du er initiativrik og har engasjement for brukergruppa

Vi legg stor vekt på personleg eignaheit ved tilsetjing.


Me tilbyr

  • Ein meiningsfull jobb med eit viktig samfunnsoppdrag!
  • Oppfølging og rettleiing
  • Årsturnus 
  • Komprimert arbeidstidsordning med langvakter og arbeid kvar fjerde helg
  • Løn i samsvar med garantilønstabell og tariff:
    Helsefagarbeider: 475 300 - 551 100
  • Eiga studentavløning etter tal studiepoeng for sjukepleiar -og vernepleistudenter 
  • God pensjonsordning i KLP
  • Gratis parkering
  • Godt og stabilt arbeidsmiljø

Me er ein organisasjon i læring! 

Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. I tenesteområdet arbeider me med vår digitale kompetanse, og nyttar teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke. 


Me er Alver

Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!

Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune

Politiattest 

I tråd med Helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.


Psykisk helse og rus 

Tenesteområde psykisk helse og rus gjev tenester i heile Alver kommune. Tenesta har som mål å sikre likeverdige tenester utifrå den einskilde brukars individuelle behov. Hovudoppgåva er psykisk helsearbeid til unge og vaksne, som har eller er i ferd med å utvikle psykisk liding og/eller rusliding.

Tilbodet vert gitt som individuell oppfylging, gruppetilbod, heildøgnsbemanna butilbod og ulike arbeid- og aktivitetstilbod. Tenesta har fleire lågterskeltilbod. Brukarmedverknad, meistring og recoverybaserte metodar er viktige rettesnorer i vårt arbeid. 

 


Kontaktperson for stillingen

Marita Ulriksen Årseth

Einingsleiar

+4747459711

marita.aarseth@alver.kommune.no

Om bedriften

Tenesteområde psykisk helse og rus gjev tenester i heile Alver kommune. Tenesta har som mål å sikre likeverdige tenester utifrå den einskilde brukars individuelle behov. Hovudoppgåva er psykisk helsearbeid til unge og vaksne, som har eller er i ferd med å utvikle psykisk liding og/eller rusliding.Tilbodet vert gitt som individuell oppfylging, gruppetilbod, heildøgnsbemanna butilbod og ulike arbeid- og aktivitetstilbod. Tenesta har fleire lågterskeltilbod. Brukarmedverknad, meistring og recoverybaserte metodar er viktige rettesnorer i vårt arbeid. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

5539706d-3bba-4e10-a168-9a1f60b37f00

Sist endret

19. november 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10316519

Lignende annonser

Laster lignende annonser