Miljøarbeidar
Bømlo kommune
Ramskleiva 49, 5420 Rubbestadneset, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Miljøarbeidar
Type ansettelse
Vikariat, deltid 50%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 15. oktober
Vil du vere med å styrke laget rundt eleven?
Rubbestadneset skule søkjer etter miljøarbeidar i vikariat i skule og SFO. Me ser etter deg som er glad i barn og unge, og som ynskjer å vere med å utvikle gode inkluderande miljø i SFO og skule. Her vil du jobbe saman med fleire miljøarbeidarar for å lage eit godt SFO tilbod og trygge gode skuledagar.
Rubbestadneset skule har eit ledig vikariat som miljøarbeidar i 50% stilling. Det er ynskjeleg med snarleg oppstart.
Om skulen:
Rubbestadneset skule har elevar frå 1.-7. klasse og SFO. Pr. i dag er det 174 elevar ved skulen og 78 barn på SFO. I tillegg har skulen innføringsklasse med tilrettelegging for undervisning for barn frå mange land. Skulen har tett samarbeid med Høgskulen på Vestlandet i rolle som lærarutdanningsskule.
Skulen ligg fint til med stort uteområde og nærleik til skogen. Me er 30 tilsette som jobbar godt i lag for å gje elevane våre gode skuledagar og eit godt SFO tilbod.
Arbeidsoppgåver
- Miljøarbeidaroppgåver som aktivitetsleiar for elevgrupper i SFO tida og i undervisningssituasjoner.
- Bidra og legge til rette for godt innhald i SFO for elevane, jfr. rammeplan for SFO.
- I samarbeid med kollegaer sørgje for at elevane meistrar skulekvardagen og SFO-tida og utviklar seg fagleg og sosialt.
- Planlegging og gjennomføring av aktivitetar for elevar både inne og ute.
- Oppfølging av elevar med særskilde behov i eit heilskapleg inkluderande elevmiljø.
- Samarbeid med kollega og andre hjelpeinstansar for å sikre eit heilskapleg tilbod.
Bømlo kommune har ein stillingsinstruks for miljøarbeidarar der arbeidsoppgåvene vert konkretisert.
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
Kvalifikasjonar
- Det er ønskeleg at du har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller helsefagarbeidar. Andre med relevant erfaring eller utdanning kan også søkje og bli vurdert.
- Relevant erfaring med miljøarbeid saman med barn og unge er ein fordel.
- Erfaring frå arbeid med barn med særlege behov er ønskeleg.
- Gode norsk kunnskapar munnleg og skriftleg.
- Det er ein fordel om du har erfaring med IKT som arbeidsverktøy.
Personlege eigenskapar
- Du er omsorgsfull i møte med elevane og oppteken av å forstå atferda deira, men og tydeleg og trygg når du vert utfordra.
- Du er ein god relasjonsbyggar og har den tolmod ein treng i møte med barn.
- Du jobbar godt sjølvstendig, tek ansvar og kan leie elevgrupper i aktivitet inne og ute.
- Du har god evne til samarbeid og kommunikasjon med både elevar, føresette og kollega.
- Du tek initiativ og kan planlegge for gode elevaktivitetar ved å vere løysingsorientert.
- Du er fleksibel, kan omstille deg, og stå i krevjande situasjonar og oppgåver i barna sin kvardag.
Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga.
Vi tilbyr
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommune
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk
- Som tilsett får du tilbod om medlemskap i velferdsklubb som gjev tilsettegoder.
Andre opplysingar
- Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Opplæringsloven § 17-11, jf. politiregisterloven § 39 første ledd.
- Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn.
- Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.
Synest du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar som stadfestar tidlegare arbeidsforhold. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din.
Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med rektor Tone O. Baugstø
Kontaktinformasjon
Tone O. Baugstø, Rektor, 990 34 994, tone.baugsto@bomlo.kommune.noArbeidsstad
Ramskleiva 495420 Rubbestadneset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommuneReferansenr.: 5022712034
Stillingsprosent: 50%
Vikar
Søknadsfrist: 15.10.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 500 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 800 årsverk, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.
Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som varer frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
550ee10a-0640-4ec4-9da8-ed646b48a30d
- Hentet fra
talentech
- Referanse
9f5b2fdd300a432e80bdf4013b99546b