Sokneprest i Sunnfjord prosti med Jølster som tenestestad
Den norske kyrkja, Bjørgvin bispedøme
Lergrovbakke 12, 6847 Vassenden
Om jobben
- Stillingstittel
- Sokneprest i Sunnfjord prosti med Jølster som tenestestad
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 25. januar
Vi har ledig stilling som sokneprest i Jølster med tenestestad i Ålhus og Helgheim sokn!
Jølster er ei kulturbygd midt i Sunnfjord med gode høve for eit innhaldsrikt friluftsliv ved fjord og på fjell. Jølster er ein vakker stad midt i målaren Nikolai Astrup sitt rike. Her er mange lag- og organisasjonar. Jølster har ei variert og tradisjonsrikt kulturliv.
Vi søkjer ein sokneprest til ei variert og allsidig preste-teneste. Du må gjerne trivast med å arbeide med born og unge. Vi ynskjer ein som samarbeider godt med frivillige, som er god til å organisere og får med seg folk. Kyrkjelyden treng ein prest som trivst med å forkynne evangeliet og gje opplæring i den kristne trua.
Det er to tettstader i Jølster; Skei og Vassenden, som ligg i kvar sin ende av Jølstravatnet. Her er tre kyrkjer: Helgheim, Ålhus og Vassenden. Kyrkjesenteret på Vassenden er ei moderne arbeidskyrkje med kontor, salar og kyrkjerom. Det er trusopplæring på kyrkjesenteret og Skei misjonshus. På Skei er det ei stor speidergruppe KFUK/M.
Det bur om lag 3100 i Jølster og av desse er 80% medlemmer i kyrkja. Det er to sokneråd i Jølster. Jølster ligg sentralt i Sogn og Fjordane, E39 og RV5 går gjennom Jølster og avstanden frå Vassenden til regionsenteret i Førde er 20 km. Det gjer at mange pendlar til arbeid i Førde. Jølster er ein del av Sunnfjord kyrkjelege fellesråd og Sunnfjord kommune. Kyrkjekontoret er på Vassenden kyrkjesenter. Her arbeider organist i 90%, det er to tilsette i trusopplæring med 20% kvar. Tysdagar er det stabsmøte, tidebøn og lunsj med frivillige på kyrkjesenteret. Dette er ein fast møtestad mellom tilsette og frivillige. Kyrkjeverjen har fast kontorstad i Førde, og her er det fleksible kontorplassar for samarbeid og samhandling.
I fellesrådet arbeider det 38 tilsette i om lag 20 årsverk. Vi er sju prestar i fellesrådet kor samarbeidet fungerer godt. Vi har eit mål om å fordele oppgåvene slik at kvar av dei får gjere meir av det dei trivst godt med og er gode på. Prosten er leiar for prestenesta i Sunnfjord prosti. Med jamne mellomrom samlar prosten prestane i prostiet til fagleg utvikling, åndeleg fellesskap og kollegafellesskap.
Vi tilbyr prestebustad. Prestegarden på Ålhus er ein viktig kulturhistorisk eigedom i Sunnfjord. Mest kjend er den som barndomsheim til kunstnaren Nikolai Astrup. Bustaden ligg like ved Ålhus kyrkje og er ein stor tradisjonell prestegard, med stor hage og dobbel garasje.
Vi ber om at søknad med CV, vitnemål og referansar vert sendt elektronisk via Webcruiter.
Arbeidsoppgåver
- Gudstenester og kyrkjelege handlingar
- Konfirmantundervisning
- Trusopplæring i lag med trusopplærarar
- Soknerådsarbeid
- Stillinga inngår i Den norske kyrkja si ordning for beredskap
Kvalifikasjonar
- Medlemskap i Den norske kyrkja
- Cand.theol med praktikum eller tilsvarande/master i teologi med praktikum
Personlege eigenskapar
- Gode formidlingsevner
- Erfaring med samarbeid med frivillige
- Vilje til å bygge eit kyrkjeleg arbeid for alle aldersgrupper
- Evne og vilje til samarbeid
- Søkjar må og kunne samarbeide liturgisk med kollegaer uavhengig av kjønn eller teologisk usemje
Vi tilbyr
- Stillingskode 1555 sokneprest etter KA sitt tariffområde
- Medlemskap i kollektiv pensjonsordning i KLP.
- Reiseutgifter godtgjort etter gjeldande regulativ.
- Til løna kjem særskilde regulativmessige godtgjersler.
- Tilbod om å bu på Ålhus prestegard.
- Arbeidsrettleiing (ABV).
Søkjar må ha førerkort klasse B og disponere bil, eller ordne med alternativ transport. Til tenestereisar vil km-godtgjersle bli dekt etter særavtale om reiseregulativ.
Skriftspråket er nynorsk.
Bjørgvin bispedøme skal vere ein arbeidsplass med rom og respekt for mangfald, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, seksuell orientering og funksjonsevne. Vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke.
Det vil bli utarbeida ei offentleg søkjarliste etter offentleglova § 25, jf. kyrkjeordning for Den norske kyrkja § 42. Dersom du ønskjer unntak for denne, må du grunngje det i søknaden. Søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du ber om unnatak. Grunnlag for handsaming etter personvernforordninga er artikkel 6 nr. 1 bokstav b og artikkel 9 nr. 2 bokstav b og g.
Den som blir tilsett må vise tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest) jf. politiregisterloven § 39 jf. trossamfunnsloven § 20.
Kontaktinformasjon
Knut Magne Nesse, Prost i Sunnfjord, 91713275Therese Nesse Mokkelbost, HR-sjef i Bjørgvin bispedøme, 93612276
Arbeidsstad
Lergrovbakke 126847 Vassenden
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Den norske kirkeReferansenr.: 5049908283
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.01.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Therese Nesse Mokkelbost
HR-sjef i Bjørgvin bispedøme
93612276
Knut Magne Nesse
Prost i Sunnfjord
91713275
Om bedriften
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
54fd613e-bba3-4c0d-abb5-5bb503491ba9
- Sist endret
18. desember 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
410db2b626f346379b0b3ee77b68a743
Lignende annonser
Fastlegeheimel
Arbeidsgiver
Sunnfjord kommune Legetenesta
Sted
Sunnfjord
Arbeidsgiver
Sunnfjord kommune Skei skule
Sted
Sunnfjord
Arbeidsgiver
SpareBank 1 Sogn og Fjordane
Sted
Førde