Tenestedesigner - 100 % fast
Vinje kommune
Vinjevegen 192, 3890 Vinje, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Tenestedesigner - 100 % fast
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 30. mars
Vil du vera med på å forme framtidas velferd i Vinje kommune? Bli vår nye tenestedesignar!
I Vinje kommune har me store ambisjonar. Me ser etter deg som blir motivert av å skape ein enklare kvardag for innbyggjarar og tilsette, og som kan bidra til heilskaplege tenester og optimal utnytting av ressursar.
Du vil få jobbe med ei rekkje komplekse problemstillingar, og bidra til at kommunen lykkast i møtet med innbyggjarane og andre aktørar i kommunen. Evne til å forstå brukarar og kollegaer innan ulike fag, og å bruke denne forståinga til design av gode løysingar, blir difor særs viktig. Du kan bli engasjert i både digitale og ikkje-digitale brukarreiser.
Du vil jobbe med nyskaping, og for å lykkast i rolla er det viktig at du er nysgjerrig, proaktiv, god med menneske, raus og open. Du må vera villig til å utfordre etablerte tankesett og arbeidsprosessar.
Arbeidsoppgåver
Som tenestedesignar i Vinje kommune vil du få ei sentral rolle i å:
- Planlegge og gjennomføre designdrivne utviklingsforløp, inkludert kartlegging av behova og utfordringane til brukarane
- Spele ei viktig rådgivande rolle i handtering av endringar i organisasjonen, og gje støtte ved innføring av nye løysingar
- Leie prosessar og utviklingsforløp, inkludert å sørge for god kommunikasjon, samsvar med regelverk for offentleg forvaltning, og evaluering av korleis løysingar fungerer i praksis
- Bidra til forvaltninga av kommunen si utviklingsportefølje og oppfylging av strategiske føringar
- Delta aktivt i team med andre faggrupper/verksemder, vera brubyggar mellom ulike fagdisiplinar, og sikre at alle bidreg til heilskaplege og koordinerte tenesteopplevingar
- Delta i regionale og nasjonale nettverk, utviklingsprosjekt, pilotar og innføringsløp
- Bidra på andre ansvarsområde ved behov
Kvalifikasjonar (overskrift)
- Høgare utdanning, minimum på bachelornivå. Gjerne innan tenestedesign, innovasjon, samfunnsutvikling eller liknande
- Det er ein fordel at du har kompetanse/erfaring frå ulike brukarreiser
- Det er ein fordel at du har kompetanse/erfaring frå innovasjons/utviklingsarbeid
- Kjennskap til offentleg forvaltning er ein stor fordel
- Du har gjerne erfaring med å bruke designmetodikk i utvikling av nye velferdstenester
- Du kommuniserer godt på norsk, vårt skriftspråk er nynorsk
Me vil legge vekt på personlege eigenskapar i vurderinga av søkarar.
- Du er god på å lytte, involvere og finne løysingar saman med andre
- Du er strukturert og systematisk
- Du samarbeider godt, og skapar positivt engasjement hjå kollegaer og brukarar
- Du har interesse for teknologi, og er nysgjerrig på nye digitale verktøy og korleis desse kan bli nytta for å forbetre offentlege tenester
- Du er fleksibel og løysingsorientert
- Du er villig til å bidra der det trengst, og tek gjerne på deg nye oppgåver
- Du ser løysingar framfor hindringar
- Du trivst med å planleggje og forme eigen arbeidskvardag
- Ei spennande og meiningsfull stilling der du kan påverke og gjera ein forskjell
- Moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Ein fleksibel arbeidskvardag i ei verksemd som har stort fokus på å ha det bra på jobb
- Eit kompetent og engasjert fagmiljø
- Ein organisasjon som har fokus på læring og kunnskapsdeling
- Moglegheit til å vera med på å utvikle eiga stilling og rolle i organisasjonen
- Moglegheit for fleksibel arbeidstid
- Vinje kommune er omfatta av den nye ordninga for sletting av studiegjeld
- Gode pensjonsordningar
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Kontaktinformasjon
Margit Elise Karlsen, Organisasjonssjef, 90526282Arbeidsstad
Vinjevegen 1923890 VINJE
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vinje kommuneReferansenr.: 4915209995
Stillingsprosent: 100%
Fast
Sluttdato: 04.08.2025
Søknadsfrist: 30.03.2025
Kontaktperson for stillingen
Margit Elise Karlsen
Organisasjonssjef
90526282
Om bedriften
Me ynskjer deg velkomen til Vinje!
Midt mellom Oslo og Bergen, ved foten av Hardangervidda, ligg nasjonalparkkommunen Vinje. Rik på areal, naturlege ressursar, kultur, kontrastar - og historie.
Med sitt store areal har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar.
Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er fjellbygder som er sentra i attraktive turistområde. Øyfjell er ei levande bygd, med oppvekstsenter og grendehus.
Me håpar du vil trivast hjå oss!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2879149
- Hentet fra
talentech
- Referanse
21a49f37d1a9428b8715fdd4b1c88561