Jordmor
Føde og barsel SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Opdølvegen 4, 6450 Hjelset
Om jobben
- Stillingstittel
- Jordmor
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest mandag 7. september
Har du lyst på ein spanande, givande og fagleg utfordrande jobb? Velkomen til oss som jordmor ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal!
Vi har ledig 1 vikariat som jordmor med oppstart frå snarast.
Føde/barsel SNR har årleg i overkant av 700 fødslar, og stor aktivitet. Vi har godt arbeidsmiljø og eit godt tverrfagleg samarbeid. Vi har akkurat flytta inn i eit nytt, topp moderne fellessjukehus på Hjelset.
Sjukehuset SNR er eit av tre sjukehus i Helse Møre og Romsdal. Seksjonen er plassert i Avdeling for kirurgi og føde, og er ein kombinert sengepost for føde og barsel. Vi er sertifisert som ein mor/barn vennleg seksjon (sist re-sertifisert i 2021), og arbeider etter retningslinene som ligg i "Eit trygt fødetilbod". Vi tilbyr ein-til-ein omsorg i aktiv fødsel, og tett oppfølging og ammerettleiing under barselopphaldet. Vi har kun familierom slik at begge foreldre kan bu saman under barseltida. Av smertelindring under fødsel tilbyr vi mellom anna jordmor tilstade under heile forløpet, massasje, akupunktur/akupressur, dusj/badekar, pudendalblokade og epidural analgesi. På poliklinikken har vi oppfølging både av gravide og barselkvinner etter tidleg heimreise.
Vi er eit tverrfagleg team i ulik alder og erfaringsgrunnlag, her kjem du til å passe godt inn enten du er nyutdanna eller erfaren.
Arbeidsoppgåver
- Kontinuerleg og heilskapeleg fødselsomsorg
- Varierte jordmorfaglege oppgåver innanfor svangerskap, fødsel og barsel
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som jordmor
- Gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar
- Det er ønskjeleg at du har meir enn 1 års erfaring frå fødeavdeling, men det er ikkje eit krav.
Personlege eigenskapar
- Du er motivert for fagleg utvikling
- Du er positiv, fleksibel og tilpassingsdyktig
- Du har gode samarbeidsevner
- Du arbeider sjølvstendig, men har samstundes evne til å arbeide tverrfagleg
- Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Ingeborg Hjertvik, Seksjonsleder, +47 91647756, ingeborg.hjertvik@helse-mr.noArbeidsstad
Opdølvegen 46450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5163534248
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 07.09.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
545e47f3-9767-41d7-8812-0e7ac7094e78
- Sist endret
13. august 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
d6f5460bd44348abb3ffd25776daa6ad