Hopp til innhold

Sjukepleiar

Arbeidsgiver

Kvinneklinikken sengepostar Førde,Helse Førde

Sted

Svanehaugvegen 2, 6812 Førde

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
2
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest mandag 11. oktober

Føde,-barsel,-og gynekologisk avdeling har ledig to faste 100 % stillingar som sjukepleiar frå 04.01.2027

Ønskjer du faglege utfordringar og trivast i ein varierande, men til tider hektisk kvardag ? Då håpar vi du søkjer hos oss.

Om oss.
Avdelinga er ein kombinert føde-, barsel- og gynekologisk sengepost. Hos oss arbeider jordmødrer, barnepleiarar og sjukepleiarar tett saman i eit godt og inkluderande tverrfagleg miljø.

Som sjukepleiar hos oss vil du i hovudsak ha ansvar for pleie, behandling og oppfølging av gynekologiske pasientar. Vi har eit tett samarbeid med gynekologisk poliklinikk.

Stillinga inneber tredelt turnus. Vi har også moglegheiter for langvakter på helg. 

Ta gjerne kontakt for spørsmål om stillinga. Vi håpar å høyre frå deg og ønskjer deg velkomen som søkjar til vårt team!


Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for gynekologiske pasientar som er innlagt for utgreiing og behandling.
  • Oppfølging av dagkirurgiske pasientar etter operasjon.
  • Arbeid ved gynekologisk poliklinikk.
  • Opplæring og undervisning.
  • Vere med å utvikle og forbetre avdelingen sitt arbeid innan pasienten si framtidige helsetjeneste.
  • Ta del i oppgåver som til ein kvar tid ligg til avdelinga

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
  • Erfaring og kompetanse vil bli vektlagt.

Personlege eigenskapar

  • Vi vil gjerne ha ein medarbeidar som er engasjert i faget og motivert for varierande arbeidsoppgåver.
  • Vi ser etter deg som ønskjer å utvikle eigen kompetanse,samt avdelinga i si heilhet.
  • Det er viktigt å kunne arbeide både sjølvstendig og i team.
  • Fagleg utvikling, evne til fleksibilitet og omstilling er eigenskapar som er viktig for oss.
  • Vi er ei inkluderande gruppe som hjelper kvarandre,og det er lav terskel for å stille spørsmål.
  • Personlige eigenskapar vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Eit godt arbeidsmiljø med mange trivelege kollegaer.
  • Ein spennande, lærerik og utfordrande jobb.
  • Tett samarbeid mellom faggruppene.
  • Moglegheiter for langvakter på helg.

 

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Beathe Håkonsen, Einingsleiar, (+47) 578 39 588

Arbeidssted

Svanehaugvegen 2
6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 5151575250
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.10.2026

Kontaktperson for stillingen

Beathe Håkonsen

Einingsleiar

(+47) 578 39 588

Om bedriften

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

53664a42-2c82-44b9-aa06-a691862999cf

Sist endret

23. september 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

688d828772154723a40b742b8184d80f

Lignende annonser

Laster lignende annonser