Brukarstyrt personleg assistent (BPA)
Samnanger kommune
Tyssevegen 217, 5650 Tysse, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Brukarstyrt personleg assistent (BPA)
Type ansettelse
Engasjement, deltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 20. februar
Om stillinga
Er du på utkikk etter ein givende deltidsjobb, kor du kan gjere ein stor forskjell i nokon sitt liv?Me søkjer ei kvinneleg personleg assistent (BPA) til ein ungdom med alvorleg grad av ME. Grunna helsetilstanden hennar trengs det hjelp i kvardagen med praktiske oppgåver - slik at ho og familien får ein trygg, stabil og lettare kvardag.
Arbeidsoppgåver
- Aktivitetar og sosialisering med brukar
- Matlaging til brukar
- Handle daglegvarar ved behov
- Hjelp til vanlege praktiske gjeremål i heimen
- Mellom klokka 12.00 og 22.00 på kvardagar
- Arbeid kvar tredje helg, mellom klokka 12.00 og 21.00
- Me er fleksible med turnus og timar for den rette personen
- Arbeidet vil utgjere ca 20 timar pr. veke, og 15 timar kvar tredje helg
Kvalifikasjonar
Krav- Beherskar norsk munnleg
- Ha evne til å samarbeide og bidra positivt
- Ha god arbeidsmoral og møte til avtalt tid
Personlege eigenskapar
- Du har godt humør og kan bidra med litt humor i kvardagen
- Du er tolmodig, roleg og ansvarsbevisst
- Personleg eignaheit vil bli vektlagt
- Politiattest må fremleggjast ved tilsetting (pålagt lovkrav)
Me tilbyr
- Ein meinigsfull jobb kor du verkeleg kan gjere ein forskjell
- Eit trygt og hyggeleg heimemiljø
- God opplæring og støtte
- Moglegheit for fleksibel arbeidstid
- Lønn, offentleg pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
- Gunstige pensjonsordningar, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
Arbeidstilhøve
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. All utanlandsk utdanning må vera godkjent av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse, HR-dir. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden.
Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP si pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt JobbNorge.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
I hjarta av gamle Hordaland, midt mellom Bergen og Hardanger, ligg Samnanger kommune som ein naturleg skjønnheit. Med relativ kort veg til både by- og naturopplevelsar, er Samnanger perfekt for deg som ønskjer både i pose og sekk. Kraftkommunen med sine 2 500 innbyggjarar er i vekst, og potensialet er stort. Me treng deg som ser dette potensialet og vil vera med på den spanande reisa vidare.
Helse og omsorg er ein sektor leia av kommunalsjef. Pleie og omsorg, helse, barnevern, NAV og flyktningetenesta er knytta til sektoren. Helse og omsorg har som mål å leggja til rette for tenester tilpassa den einskilde, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innholdsrikt liv.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
52f7615f-975a-4aa8-bda5-900d9dd632ed
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10260123