Kjære framtidige HR-rådgjevar
Time kommune
Arne Garborgs veg 32, 4344 Bryne
Om jobben
Stillingstittel
HR-rådgjevar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 1. juni
Eg har nå tatt steget vidare til ei leiarstilling i kommunen, og det er med stor glede at eg skriv denne annonsen for å finna ein verdig etterfølgar til min gode arbeidsplass. Om du er klar for å ta fatt på denne spanande reisa ser me fram til å høyra frå deg!
Som HR-rådgjevar vil du få ei unik moglegheit til å vera ein sentral støttespelar for leiarar i Time kommune. Du vil ha særleg ansvar for å arbeida tett saman med leiarar i Helse og velferd, for å sikra eit godt arbeidsmiljø og høg kvalitet i tenestene.
Kvalifikasjonar (overskrift)
Dine hovudoppgåver vil inkludere:- Gje råd og støtte til leiarar i sakar som gjeld personale og fråvær, samt HMS- og kvalitetsarbeid
- Delta i og ha ansvar for prosjekt og prosessar innanfor HR-området og jobba med opplæring og rettleiing
- Ansvar for leiarrekruttering innanfor ditt område
- Førebu saker til politisk behandling
- Delta i det strategiske arbeidet med utgangspunkt i arbeidsgjevarstrategien
Kollegaane mine treng deg som har særleg interesse for og erfaring med HMS- og kvalitetsarbeid.
I lag med mine kollegaar samarbeider du tett med leiarar og tillitsvalde. Me er stolte av jobben vår, og det er viktig for meg at mine kollegaar får eit godt tilskot i gjengen. Derfor treng me følgande kvalifikasjonar og eigenskapar:
- minimum 3-årig høgare utdanning
- minimum 5 års relevant erfaring, fortrinnsvis innanfor HR, arbeidsrett, organisasjonsutvikling og/eller leiing
- God kunnskap innanfor lov- og avtaleverket
- Erfaring med og interesse for digitalisering av HR-prosessar ved bruk av nye metodar og teknologi
- Erfaring frå HMS og kvalitetsarbeid er ein fordel
- Erfaring med omstilling og utviklingsprosessar er ein fordel
- Erfaring frå kommunal verksemd er ein fordel, men ikkje eit krav
- Du må ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne
Du har ei utviklingsorientert tilnærming og er initiativrik og løysingsorientert. Du er strukturert, sjølvstendig og samtidig ein lagspelar. I stillinga som rådgjevar er det viktig at du evner å balansera strategisk arbeid med driftsoppgåver. Du må òg vera litt som meg: Ein god relasjonsbyggar som skapar tillit overfor leiarar og tilsette.
Kva kan du forventa?
- Eit godt arbeidsmiljø med fagleg interesserte og dyktige kollegaar
- Interessante og krevjande faglege utfordringar i ein organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag
- Fleksibel arbeidstid, lønn etter avtale og gode pensjonsvilkår
Eg har hatt ei utruleg givande tid i denne rolla, og eg håpar du vil finna like stor glede og utfordring her som eg har gjort. Om du er klar for å ta fatt på denne spanande reisa ser me fram til å høyra frå deg! Viss du vil veta meir om stillinga kan du ta ein telefon til sjefen min, som eg faktisk liker veldig godt.
Kontaktinformasjon
Odd Magne Amdahl, Organisasjonssjef, 90872661Arbeidsstad
Arne Garborgs veg 324344 Bryne
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Time kommuneReferansenr.: 4971410418
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.06.2025
Kontaktperson for stillingen
Odd Magne Amdahl
Organisasjonssjef
90872661
Om bedriften
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2945261
- Hentet fra
talentech
- Referanse
a667f141975c459b8fe0c3ad08887b22