Spanande stilling ledig!
Avery Dennison NTP AS
Gaupnegrandane 19, 6868 Gaupne, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Supply Chain Analyst
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk snarest mulig
Er du ein engasjert og erfaren innan logistikk som ser etter nye utfordringar?
Me har ei spanande moglegheit for deg som Supply Chain Analyst!
Som Supply Chain Analyst vil du spele ei sentral rolle i å optimalisere verdikjeda vår.
Du vil bruke datadriven innsikt for å auke effektiviteten, redusere kostnader, identifisere forbetringsområde og sikre ein jamn flyt av varer frå innkjøp til levering.
Jobben:-
Samle og analysere data om korleis me sender varer (logistikk).
-
Halde styr på lageret og sørgje for at me alltid har varer.
-
Finne måtar å gjere ting meir effektivt og spare pengar.
-
Lage rapportar og gi råd til leiinga.
-
Hjelpe til med å lage planar for korleis me skal handtere varer.
-
Finne og løyse problem som kan stoppe vareflyten.
-
Erfaring innan logistikk eller liknande.
-
3--5 års erfaring med logistikk.
-
Du må vere god til å analysere data og løyse problem.
-
Gode kommunikasjonsevner, både skriftleg og munnleg.
-
Du må kunne jobbe under press og samarbeide godt med andre.
-
Evne til å forbetre prosessar basert på analyse.
Me tilbyr eit inkluderande og internasjonalt arbeidsmiljø, fleksible arbeidstider og gode utviklingsmoglegheiter. Om du har sterk bakgrunn innan logistikkleiing, framifrå organisasjonsevne og evne til å drive fram forbetringar, vil me gjerne høyre frå deg!
Om bedriften
Avery Dennison er ein global leiar innan labels og materialer. Selskapets teknologi er ein integrert del av produkt som blir brukt i dei fleste bransjar. Med produksjon i over 50 land og med meir enn over 36 000 tilsette over heile verda, tilbyr Avery Dennison tenester til eit breidt spekter av kundar.
Den norske delen av konsernet, Avery Dennison NTP, er ein leiande produsent av heat transfers for sportsklede, arbeidsklede og andre profilerte artiklar. Fabrikken er lokalisert 30 minutt frå Sogndal, omringa av flott natur med unike moglegheitar for friluftsliv. Det er her me har utviklet teknologi og produsert transfers i over 35 år. Våre 180 tilsette, fordelt over heile 24 ulike nasjonalitetar, leverer produkt av høg kvalitet som gjer det mogleg for oss å konkurrere globalt. Avery Dennison NTP var tidleg ute med digitalisering, og har dei siste 15 åra fokusert hardt på utvikling av eigne datasystem til både tilsette og våre kundar. Det har gjeve oss et stort konkurransefortrinn, og det har bidratt stort til å lande store kundar som Premier League, Real Madrid, Liverpool FC med flere. Me sel no like mykje til den utanlandske marknaden som me sel til den norske.
Les meir på www.averydennison.com.
Sektor
Privat
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
51ee3816-8ca0-490b-be69-1912d63a8637
- Hentet fra
FINN
- Referanse
424399616