Vikariat som fagarbeidar/miljørettleiar på Lidar skule
Lidar skule, Øystre Slidre kommune
Bygdinvegen 3114, 2950 Skammestein, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Vikariat som fagarbeidar/miljørettleiar på Lidar skule
Type ansettelse
Vikariat, deltid 50.%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest torsdag 16. oktober
Lidar barneskule har 99 elevar skuleåret 25/26. Det er 7 klasser i tillegg til ei basisgruppe for individuell tilrettelagt opplæring.
Frå hausten organiserer vi oss slik at vi har to lærarar per trinn i basisfaga. Det er oppretta eit team som arbeider særskild med spesialpedagogisk oppfølging. I teamet er det mellom anna kompetanse frå barnevernspedagog, vernepleiar og andre faggrupper.
Lidar skule har ledig to vikariat som fagarbeidar/miljørettleiar:
- 50% vikariat frå no og ut skuleåret
- 30% vikariat frå no til 31.12.2025, med moglegheit for forlenging
Vikariatane kan kombinerast til eit 80% vikariat fram til 31.12.2025, med moglegheit for forlenging.
Arbeidsoppgåver
- Arbeidsoppgåvene består av fagleg og sosial oppfølging av enkeltelevar, mindre grupper og i heil klasse. Vi ynskjer å få deg på laget vårt som brenn for å legge til rette for trygge og lærerike skuledagar der elevane får ut utviklingspotensialet sitt
- Samarbeid med teamet rundt og eksterne faginstansar for å legge best mogleg til rette
- Arbeid på SFO er ein del av stillinga.
Kvalifikasjonar
- Vi søkjer deg som er barnevernspedagog, vernepleiar, sosialpedagog, pedagog, spesialpedagog, eller har annan relevant universitets-/høgskuleutdanning
- Vi søkjer deg som har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
- Det er ønskjeleg at du har erfaring frå arbeid med barn og unge
- Du har ynskje om og vilje til å sjå eleven innanfrå
- Du har kunnskap om oppdragelse, undervsining, leik, læring og utvikling
- Du veit mykje om korleis læring foregår og kva du treng å ta omsyn til for at barn og unge skal lære best mogleg
- Du kan observere, systematisere og fortolke sosialt samspel og læring til å vidare kunne setje inn eigna tiltak for eleven eller elevgruppa
- Det er ynskjeleg at du har kjennskap til tilknytningspsykologi og COS
- Det er krav om politiattest, jfr opplæringsloven §17-11
Personlege eigenskapar
- Vi søkjer deg som er ein varm og trygg vaksen i møte med elevane. Vi er opptekne av gode relasjonar med elevane, foreldra og dei tilsette ved skulane
- Vi søkjer deg som har gode samarbeidsevner, er positiv, fleksibel, robust og er ein god lagspelar
- Vi søkjer deg som ser glede og nytte i å samarbeide og ta initiativ til å vera med å utvikle skulane i Øystre Slidre kommune til det beste for elevane
- Personlege eigenskapar og eignaheit vil bli sterkt vektlagt
Vi tilbyr
- Ein spennande arbeidskvardag i eit arbeidsmiljø prega av godt samhald og profesjonalitet
- Moglegheit til å bruke naturen og uteområdet i undervisning
- Gode forsikrings- og pensjonsvilkår
- Nærheit til Beitostølen og Jotunheimen
Kontaktinformasjon
Sissel Dahle Lie, Rektor Lidar skule, +47 99690813Arbeidsstad
Bygdinvegen 31142950 Skammestein
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommuneReferansenr.: 5020423349
Stillingsprosent: 50, 30%
Vikar
Søknadsfrist: 16.10.2025
Kontaktperson for stillingen
Sissel Dahle Lie
Rektor Lidar skule
+47 99690813
Om bedriften
Nasjonalparkkommunen Øystre Slidre ligg ved inngangsporten til Jotunheimen, med Beitostølen som et naturleg utgangspunkt. Vegen er kort til toppturar både sommar og vinter.
Friluftsliv, jakt, fiske og stølsliv er viktig i kommunen. Du finn mellom anna deler av Langsua nasjonalpark, eit stort turløypenett og milevis med skiløyper i heile kommunen. På Valdresflye varar skisesongen lenge. Velkommen til rein naturglede!
Reiseliv og jordbruk er blant dei største næringane, og det finst spanande arbeidsplassar innan fleire bransjar.Øystre Slidre har dei siste åra hatt vekst i folketallet.
Øystre Slidre kommune skal tilby gode tenester til innbyggarar og tilreisande i alle aldersgrupper. Nytt og moderne helsetun stod ferdig i 2021. Eit rikt kulturtilbod, eit godt tilbod til barn og unge og ein unik dugnadsånd er med på å gjere kommunen til ein attraktivt stad å bu.
Gode handelstilbod finn ein både i kommunen og rundt regionsenteret Fagernes.
Vil du vite meir om Valdres? Vi har unik natur, kultur og er ein attraktiv region, sentralt i Norge. Les meir på valdres.no.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
5125c9bf-9a18-4f47-b47a-f8ad2663e6af
- Hentet fra
talentech
- Referanse
5bb768aa061e4de2a4617253952cb76a