Ringevikar, Enge barnehage
Etne kommune Enge barnehage
Stadionvegen 5, 5590 Etne, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Har du lyst å vera ringevikar i Enge barnehage?
Type ansettelse
Annet, deltid 50%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest lørdag 31. mai
Me ønskjer å komma i kontakt med deg som har lyst å jobba i barnehage. Me har behov for ringevikar ved avvikling av ferie, ved sjukdom og anna fråvær.
Me ønskjer ein person som likar å vera saman med folk og som er god på relasjonsbygging, har gode samarbeidsevner og god arbeidskapasitet.
Enge barnehage ligg i Etne sentrum. Barnehagen er delt inn i avdelingar fordelt på store og små barn.
Du vil komma til ein barnehage med meiningsfylte arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø.
Ta kontakt med Gerd Toril Lindevik Arnestad, tlf. 91594714 (styrar) eller Hege Hansen, tlf. 91191621 (assisterande styrar), dersom du tenkjer dette kunne vore noko for deg eller du har lyst å høyra meir om jobben.
Annan informasjon
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2838267
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3454197_213803_nn