Hopp til innhold

Småbarnas superhelt – Vikariat i Vassenden barnehage

Arbeidsgiver

Vassenden Barnehage Sa

Sted

Hjelbrekkevegen 57, 6847 Vassenden, Sunnfjord

Om jobben

Vassenden barnehage søkjer ein aktiv og engasjert medarbeidar til 100 % stilling på småbarnsavdeling, vikariat med moglegheit for fast jobb. Hos oss er leiken hjartet i kvardagen. Vi ønskjer ein vaksen som deltek og utforskar med barna – ute og inne, med humor og glede.

Oppstart
21. september 2026
Stillingstittel
Barnehagemedarbeider
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager

Søk på jobben

Søk snarest mulig

Alternativt kan du sende søknad via e-post til post@vassendenbarnehage.no

Hva vi ser etter

Vi ser etter deg som:

trivast med ein aktiv og variert kvardag, du ynskjer å vere ein viktig vaksen for dei yngste barna.

Du:

  • møter barna med varme og forståing, samtidig som du er tydeleg og set trygge grenser

  • held roa når barn treng trøyst, protesterer eller treng ekstra støtte

  • tek initiativ og deltek aktivt i leik og aktivitet

  • trivst ute i all slags vêr

  • bruker humor i arbeidet og bidreg til glede og godt humør

  • samarbeider godt, tek imot rettleiing og deler viktig informasjon

  • er påliteleg, møter presis og tek ansvar for oppgåvene dine

  • trivst med ein fysisk arbeidsdag og kan vere tett på barna på golvet, i garderoben og ute på tur

Relevant utdanning eller erfaring frå arbeid med barn er ein fordel. Det viktigaste er at du er motivert, lærevillig og personleg eigna til å arbeide med små barn.

Vi ønskjer mangfald i personalgruppa og oppmodar både menn og kvinner til å søkje.

Arbeidsoppgaver

På Trollungane arbeider du med barn i alderen 1-2 år. Arbeidsdagen krev at du er tett på barna: Du må kunne sitje på golvet og delta i leiken, hjelpe med måltid, bleieskift, søvn og påkleding - og vere med ut i all slags vêr.

Dette skal du gjere:

  • ta imot barn og foreldre på ein trygg og god måte

  • delta aktivt i leik, aktivitetar og turar i nærmiljøet

  • hjelpe barna med måltid, bleieskift, søvn og påkleding

  • sjå behova til barn som enno har lite språk

  • støtte barna i samspel, vennskap og leik

  • førebu enkle aktivitetar tilpassa dei yngste

  • samarbeide med foreldre og kollegaer og bidra til orden på avdelinga

Vi ønskjer ein medarbeidar som tek aktivt del i aktivitetane saman med barna.

Vi tilbyr

Dette tilbyr vi

  • eit 100 % vikariat med moglegheit for fast stilling

  • løn etter utdanning og ansiennitet i samsvar med gjeldande PBL-tariffavtale

  • pensjons- og forsikringsordningar gjennom PBL

  • ein variert arbeidsdag med leik, uteliv og aktivitet

  • kollegaer som samarbeider og hjelper kvarandre

  • høve til å påverke aktivitetane og leikemiljøet på avdelinga

Arbeidstida varierer etter arbeidsplan innanfor tidsrommet kl. 06.30-16.45 . Barnehagen har ope frå kl. 06.45 til 16.45.

Tilsetjing føreset at du legg fram godkjend politiattest før du tek til i stillinga.

I Vassenden barnehage arbeider vi for at både barn og vaksne skal vere GLADE OG TRYGGE SAMAN.

Kontaktperson for stillingen

Grete Hansen

Dagleg Leiar

97718969

post@vassendenbarnehage.no

Om bedriften

Om Vassenden Barnehage

Vassenden barnehage er ein privat, foreldreeigd barnehage på Vassenden i Sunnfjord kommune.

Barnehagen har tre avdelingar: Trollungane for dei yngste barna, Veslefrikk for 3-åringane og Askeladden for dei største barna.

Vi har eit stort og variert uteområde med leikeapparat, skog, grillhytte og både flate og kuperte område som gir gode moglegheiter for leik og motorisk utvikling.

Mottoet vårt er: "GLADE OG TRYGGE SAMAN I LEIK OG LÆRING"

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

50e1e1c7-641f-4a01-9348-3ed62bd0d813

Sist endret

10. september 2026

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

50e1e1c7-641f-4a01-9348-3ed62bd0d813

Lignende annonser

Laster lignende annonser